Fekk parkeringstrøbbel – tok intervju med dottera på armen

Grunnen var heilt spesiell:
– Pappa hadde ein bil veldig ulovleg parkert her, så eg måtte ta henne med, ler Johaug i samtale med TV 2:
Før ho legg til:
– Men veldig, veldig moro å ha med vesle Kristin ute i løypa i dag som heia på mamma.
Til NRK forklarer Johaug den spesielle situasjonen slik:
– Nils hadde ein bil litt ulovleg parkert oppi der, så han måtte berre springe og ta den. Og då måtte eg ta henne, fortel Johaug, og viser til den eitt år gamle dottera.
– Kva skjedde vidare?
– Han flytta bilen og kom og henta Kristin etterpå, så då gjekk det bra, smiler den suverene vinnaren.
Diggins måpte
Therese Johaug var så overlegen på 20 kilometeren med skibyte søndag at konkurrentane måpte.
– Det var så kult å sjå deg gå på ski. Å sjå deg miste festet, men framleis halde deg rett i ryggen. Du er så sterk. Eg tenkte «Shit, eg lærer korleis eg skal gå klassisk langrenn av deg», sa Jessie Diggins til Johaug etter målgang.
Diggins vart nummer tre i eit løp som Johaug vann på knusande vis.
– Mitt beste løp etter comebacket. Det går oppover og oppover, sa Johaug sjølv etter rennet.
– Det kjennest utruleg godt å kunne reise heim med to førsteplassar. Eg hadde ikkje trudd det, sa Johaug til NRK, og viste til at ho også vann 10 kilometeren fredag.
UTKLASSING: Therese Johaug smadra konkurrentane på Lillehammer.
Foto: Geir Olsen / NTB– Klasseforskjell
Undervegs i rennet søndag hagla superlativa frå kommentatorboda.
– Dette er klasseforskjell. Det ser ut som ho går sprint, sa NRK-ekspert Fredrik Aukland då det var sju kilometer igjen.
Då hadde Johaug for lengst fått stor avstand til konkurrentane, som ho allereie hadde nokre sekund ned til ved skibytet etter 10 kilometer.
– Det er heilt vilt å sjå korleis ho fossar fram, sa Aukland då det var seks kilometer igjen.
EINSAM MAJESTET: Therese Johaug gjekk halve løpet åleine.
Foto: Geir Olsen / NTB– Ein maktdemonstrasjon
Etter kvart som Johaug nærma seg mål – og berre auka og auka – klarte ikkje Aukland å styre si begeistring.
– Det Johaug driv med no er ellevilt. Dette er Therese sånn som ho var på sitt beste. Ingen andre har eit slikt driv. Ho utklassar konkurrentane.
– Ein maktdemonstrasjon, la kommentator Jann Post til.
Fredrik Aukland meinte Johaug såg «helt uberørt ut» etter løpet, og meinte ho kunne ha gått tre mil til.
Dobbelt norsk
På veg inn mot mål tok Johaug seg god tid til å vinke til publikum.
Trass i ei roleg avslutning enda ho 42,6 sekund framfor Heidi Weng.
Jessie Diggins vart nummer tre, Ebba Andersson nummer fire og Astrid Øyre Slind nummer fem.
PÅ PALLEN: Therese Johaug saman med Weng og Diggins etter målgang.
Foto: Geir Olsen / NTBPublisert 08.12.2024, kl. 13.09 Oppdatert 08.12.2024, kl. 15.22