Hot temaer lukke

Står klare til å snakka og svara på spørsmål i Luster: – Terskelen ...

Står klare til å snakka og svara på spørsmål i Luster  Terskelen
Luster kommune er klare til å hjelpa dei som måtte trenga det etter ei dramatisk helg.

– Me har ikkje sett i verk andre tiltak enn at kriseteamet er på tilbodssida om det er ynskje om deira hjelp, seier ordførar i Luster, Andreas Wollnick Wiese.

Måndag ettermiddag var det møte i kommunen si kriseleiing og beredskapsrådet på rådhuset i Gaupne.

– Beredskapsrådet har for så vidt ikkje noko med dette å gjera, men det var eit planlagt møte. Men me hadde behov for å oppdatera kvarandre i same rom i staden for å sitja på telefon eller med pc, seier Wiese.

Kommunen har ikkje opplevd noko vidare trykk frå folk som vil ha hjelp eller samtalar enno, men Wiese understrekar at terskelen for å ta kontakt er låg.

– Me er eit lite og tett samfunn, og det er mange som har er berørt både direkte og indirekte. Folk kan ta kontakt med kommunen eller kommunelegen som leiar kriseteamet. Dette er folk som har teieplikt. Det er viktig med låg terskel no, slik at dei som har behov for å snakka kan gjera det.

– Det er mange spørsmål og problemstillingar som kan oppstå i ei slik sak, og kriseteamet er ein naturleg del av førstelinja, seier Wiese.

Elles gjekk dei gjennom alt knivepisoden har ført med seg for kommunen.

– Inntrykket er at kriseteam, helsetenester og oppvekstsektoren er robuste. Det er det betryggande å vera vitne til.

Les meir om: artikkelemnene

Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • West Bromwich
    West Bromwich
    Solskjær etter VAR-situasjon: – Noen må brygge litt kaffe 14.feb.. 2021
    14 Feb 2021
    1
  • Robbie Coltrane
    Robbie Coltrane
    «Harry Potter»-stjernen Robbie Coltrane (72) er død
    14 Okt 2022
    3
  • Ålesund
    Ålesund
    Alle mot 1 i Ålesund
    28 Sep 2024
    8
  • Christine McVie
    Christine McVie
    Fleetwood Mac-stjernen Christine McVie er død
    30 Nov 2022
    3
  • Venezuela
    Venezuela
    Minst én død i protester i Venezuela – opposisjonen mener å ha ...
    29 Jul 2024
    7
De mest populære shotter for denne uken