Hot temaer lukke

Knivstikkinga i Luster: Rektor: Vi står i eit inferno av kaos

Knivstikkinga i Luster Rektor Vi står i eit inferno av kaos
GAUPNE (TV 2): Rektoren ved Luster ungdomsskule meiner ungdomane som gjekk til åtak på ein mann i 50-åra vart utnytta av gruppa med «pedojegerar». Nettverket slår tilbake.

Rektor Knut Hauge ved Luster ungdomsskule er sterkt prega etter at fem ungdomar gjekk til åtak på ein mann i 50-åra i eit skogholt i Gaupne fredag.

– Akkurat no står vi i eit inferno av kaos, og det pregar oss veldig. Vi håpar at vi klarer å støtte opp under alle ungdomane våre slik at dei har det bra, men det er veldig utfordrande for alle involverte, seier han.

Alle dei fem ungdomane er elevar ved skulen. Ein 14-åring er no sikta for drapsforsøk, medan fire 15-åringar er sikta for medverknad til grov kroppsskade.

– Politiet må gjere sin jobb, men vi må òg ta vare på dei, seier Hauge.

– Dei angrar så bittert som det går an. Så det er òg ein omsorgsbit i dette.

– Tragisk og forferdeleg

Mannen i 50-åra, som vart knivstukken i halsen og eit handledd, er sikta for å ha avtalt eit møte med ein person under 16 år med hensikt om å ha seksuell omgang.

Eit nettverk som kallar seg «pedojegerar» har publisert ein video av åtaket. Rektoren meiner gruppa har utnytta ungdomane.

– Sjølve hendinga er tragisk og forferdeleg, og den bakanforliggande historia er endå verre, seier han. 

VIDEO: Ein video av åtaket er delt i sosiale medium. Foto: Skjermdump
VIDEO: Ein video av åtaket er delt i sosiale medium. Foto: Skjermdump

– Det er uforståeleg at vaksne folk utnyttar ungdomane på ein slik måte. Ungdomane i denne alderen er lettpåverkelege. Det er ikkje vanskeleg å overtale dei eller få dei med på sånne ting.

Rektoren er òg redd for at fleire kan verte påverka av at videoen vert delt.

– Det er utruleg viktig å formidle at det er straffbart å dele videoen, seier han.

– Nettrolla tek kontroll

Hauge er uroa for utviklinga, og meiner dette ikkje er eit individproblem. Han seier samfunnet har eit ansvar for å betre situasjonen.

– Det er viktig at vi kan snakke i lag. At vi som skule, kommune og samfunn klarer å ha ein god dialog meg ungdomane våre, seier han. 

ÅTAK: Ungdomane gjekk til åtak på mannen i 50-åra i skogen i Gaupne. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2
ÅTAK: Ungdomane gjekk til åtak på mannen i 50-åra i skogen i Gaupne. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

– Så må vi jobbe knallhardt med førebyggande arbeid, kva som er greitt og ikkje greitt. Samtidig må vi avdekke slike forferdelege nettverk.

Ifølgje rektoren var det ingen signal i forkant om at ungdomane kunne gjere noko som dette.

– Dette kunne skjedd kven som helst. Eg er redd for at mange ungdomar i den fasen er veldig lettpåverkelege. Det er lett at nettrolla tek kontroll på dei.

– Overveldande

Hendinga pregar heile ungdomsmiljøet i bygda, fortel rektoren.

– Ungdomane er uroa og har mange spørsmål. Det er uforståeleg og veldig overveldande for mange, seier han.

– Vi prøvar så godt vi kan å få ungdomane til å snakke i lag og vere opne i den grad dei klarer det.

Ungdomsskulen er no inne i den siste veka før sommarferien, men Hauge er tydeleg på at dei vil vareta ungdomane i vekene framover.

– Kommunen stiller med mannskap gjennom sommaren, som er tilgjengeleg for dei som treng det.

– Ueinig

TV 2 har vore i kontakt med forsvararane til dei fem sikta ungdomane. Ingen av dei ønskjer å kommentere påstanden frå Hauge om at ungdomane har blitt utnytta av «pedojegerane».

Kritikken frå rektoren er òg lagt fram for ein talsperson for det internasjonale nettverket. Han er tydeleg på at personar under 18 år ikkje skal vere med.

– Vi vil ikkje at unge menneske skal ta den risikoen vi tek. Dessverre kan vi ikkje styre kva krav den norske gruppa har, seier han.

Talspersonen understrekar òg at dei ikkje pressar nokon til å utøve vald.

– Så eg er ueinig i at dei har vorte utnytta på nokon som helst måte.

Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • Jan Erik Iversen
    Jan Erik Iversen
    Forsvarer om torpedoens vitner: Kaster lys over samarbeidet med Røkke
    4 Okt 2019
    2
  • Valg i USA
    Valg i USA
    Slik foregår den amerikanske valgdagen
    4 Nov 2024
    4
  • Sarah Everard
    Sarah Everard
    Sarah Everard-drapet: - Minutter seinere kidnapper han Sarah (33)
    30 Sep 2021
    2
  • Oasis
    Oasis
    Alle Oasis-konsertene er utsolgt
    31 Aug 2024
    9
  • Thomas Wærner
    Thomas Wærner
    Thomas Wærner vant Finnmarksløpet 2022 – NRK Sport – Sportsnyheter, resultater og sendeplan
    27 Aug 2022
    1
  • Peter Green
    Peter Green
    Peter Green fra Fleetwood Mac er død - Nye takter
    25 Jul 2020
    1
De mest populære shotter for denne uken