Hot temaer lukke

KI gav Gukild karbosmell: – Kjente eg var på stranda i Normandie

KI gav Gukild karbosmell  Kjente eg var på stranda i Normandie
Emil Gukild angrar på at han lét kunstig intelligens styre kosthaldet før viktige skirenn. Anders Aukland fortel kva du i staden bør ete.

– Eg har hatt eit mareritt av eit løp, innleier Emil Gukild.

Som ein del av oppladinga til det store målet til skisesongen, Birkebeinerrennet i midten av mars, tok Skiklubben-profilen i bruk nye verktøy for å optimalisere kosthaldet sitt før skirenn.

Det viste seg å vere ein kostbar tabbe.

Les kommandoen Gukild la inn lenger ned i saka.

– Eg har jo delt kor mykje eg har ete med Anders (Aukland), med Øystein «Pølsa» Pettersen, med Petter Skinstad og andre, erfarne fjellfolk.

– Der har eg fått høyre: «du er ein idiot».

Det fortel Gukild i den nyaste episoden av podkasten Skiklubben.

Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Siljes drømmerenn og Emils spisesmell».

– Mykje godteri og ris

NRK-profilen har dei siste vekene ete det KI har anbefalt.

Det førte til ei stor kosthaldsendring.

– Den har bede meg om å ete enorme mengder karbohydrat dei siste to dagane før skirenn, seier Gukild.

– Kor mykje snakkar vi då, spør medprogramleiar Silje Nordnes.

– Det er vel 2,5 gonger så mykje som eg pleier å ete. Det har blitt mykje godteri og ris, for å seie det sånn, ler 33-åringen.

Det fekk han erfare konsekvensane av.

KUNSTIG HJELP: Kunstig intelligens bad Skiklubben-profilen om å ete 2,5 gonger så mykje som han pleier.

Foto: Skjermdump

Verre enn då han bæsja på seg

For halvanna veke sidan gjekk Gukild det tradisjonsrike Montebellorennet i Sande i Vestfold.

Proppfull av både karbohydrat og sjølvtillit stilte han seg opp ved startstreken som nummer ti, med mål om å vere blant dei første i mål.

– Eg vil tippe at 130 løparar passerte meg dei første ti kilometrane. Eg tullar ikkje, eg kjente eg var på stranda i Normandie i 1944, spøker han i podkasten.

ETETIPS: Emil Gukild, Anders Aukland og Silje Nordnes utgjer den populære NRK-podkasten Skiklubben. Aukland har klare oppfordringar for kva ein eigentleg bør ete før renn.

Foto: Fredrik Saltbones / NRK

Han fortset:

– Hovudgrunnen til at eg hadde det forferdeleg, var at eg hadde lyst til å spy. Eg gulpa, eg har aldri vore nærare å trekke meg frå eit skirenn. Enda nærare enn då eg dreit på meg i Marcialonga.

Her kan du få eit gjensyn med då Gukild bæsja på seg under fjorårsutgåva av det italienske langløpet.

Kjensla Gukild hadde i skogane i Vestfold skildrar han som «tre porsjonar pinnekjøtt på julaftan med alt til».

Funne svaret

Det heile enda med at Gukild, som altså starta som nummer ti, blei nummer 105 i mål. Over halvtimen bak vinnaren Hans Petter Berg Rolke.

SLITEN: Emil Gukild var ein slagen mann da han kom i mål i Montebellorennet – over halvtimen bak vinnaren.

Foto: Privat

Før knallharde Marcialonga i slutten av januar nytta Gukild seg også av kunstig intelligens. Då med same resultat.

– Eg hadde det heilt forferdeleg den første timen. Då lurte eg på om det kunne vere Imodium, høgda, tungt terreng, regna?

– Det har eg altså svaret på no: eg åt altfor mykje!

Åt 18 poteter

Emil Gukild er rett nok ikkje den einaste som har ete altfor mykje karbohydrat i forkant av viktige skirenn.

Skiklubben-programleiar Anders Aukland, som også er fire gonger Birken-vinnar, kunne fortelje at i 2001 gjorde bror hans Jørgen ein liknande tabbe.

– Det var første gong han gjekk Vasaloppet. Han hadde satsa knallhardt og var sinnssjukt sterk. Men kvelden før åt han 18 poteter til kveldsmat. Poteter var bra «karboloading» den gongen, fortel han.

BRØR: Anders (t.v.) og Jørgen Aukland var lenge i verdseliten i langrenn. Her frå 2004.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Midt i rennet stod eg og venta på han ved ein drikke-post, men han kom aldri. Han måtte bryte rennet, for han kasta opp. Han var heilt ferdig, ler storebror Aukland.

Mannen med både OL- og VM-gull på samvitet har eit klart tips til kva ein bør ete i dagane før viktige konkurransar.

– Det er dumt å ete veldig annleis enn det ein er vant til. Men dei siste par dagane er det heilt rett at ein skal ete mykje karbohydrat. Så er det sånn at kroppen berre klarer å ta til seg ei viss mengde. Det er overraskande kor lite dei beste utøvarane et, meiner han.

Dette meiner Aukland du bør ete

Aukland anbefaler at ein dei siste to dagane tar bort grønsakene, fiberrik og tung mat og ein del kjøtt, og byter det ut med for eksempel ris og meir brød med søtt pålegg.

– Det bør ikkje vere mengda ein legg på med, ein berre vrir andelen, seier Aukland i podkasten.

GULLVINNAR: Anders Aukland (i midten) var ein del av det norske stafettlaget som tok OL-gull i 2002.

Foto: Lise Åserud / NTB

For den skiinteresserte kan ein gle seg med at frå og med onsdag kjem Skiklubben til å legge ut daglege episodar i samband med ski-VM i Trondheim.

Då skal Emil, Silje og Anders analysere og snakke om alt som har skjedd i og utanfor skiløypene i Granåsen.

– Og når den siste søndagen kjem, er det jo berre seks dagar til Birkebeinerrennet, minner Gukild om.

Her kan du høyre fleire episodar av Skiklubben.

Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Skiklubben».

Publisert 25.02.2025, kl. 06.11 Oppdatert 25.02.2025, kl. 07.30

Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • Syria
    Syria
    USA angrep IS-mål i Syria med B-52-fly
    8 Dec 2024
    11
  • Femundløpet 2024
    Femundløpet 2024
    Ned mot 30 minus under årets Femundløp: – Det håndterer vi alle
    7 Feb 2024
    2
  • Ida Eide
    Ida Eide
    (+) Komiker-Nilsi og Ida kjøpte drømmehuset: – Nå bor jeg med søsteren og kjæresten
    16 Nov 2019
    5
  • Julia Simon
    Julia Simon
    Maktoppvisning av Julia Simon – Norsk fiasko på standplass ...
    11 Feb 2024
    2
  • Josh Cavallo
    Josh Cavallo
    Cavallo «overveldet» av støtte
    27 Okt 2021
    2
De mest populære shotter for denne uken