Avis: Trump får namnet sitt på sjekkar med krisehjelp
Anonyme kjelder i det amerikanske skattevesenet IRS fortel at det vil stå «president Donald J. Trump» på utbetalingane.
At ei utbetaling frå IRS kjem med namnet på USAs president, har aldri tidlegare skjedd, ifølgje Washington Post. Avgjerda kan visstnok føre til at utbetalingane blir nokre dagar forseinka.
Pengeoverføringar direkte til amerikanske innbyggjarar er eit ledd i den historiske krisepakken på 2.000 milliardar dollar som Kongressen har vedteke for å handtere koronakrisa.
I tilfelle der IRS ikkje har bankopplysningane til mottakarane, vil utbetalingar på 1.200 dollar komme i form av papirsjekkar.
(©NPK)
Rundt 70 millionar amerikanarar vil få sjekkar påført namnet til president Donald Trump, ifølgje avisa Washington Post. Papir-sjekkar vil bli brukt i tilfelle der skattevesenet IRS ikkje har bankopplysningane til mottakarane. Mange av desse mottakarane er personar med låg inntekt. Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix
Norge
Argentina
Australia
Austria
Brazil
Canada
Chile
Czechia
France
Germany
Greece
Italy
Mexico
New Zealand
Nigeria
Poland
Portugal
Sweden
Switzerland
United Kingdom
United States