Hot temaer lukke

Ari Behn blir gravlagt på Vår Frelsers gravlund

Etter ønsket til familien skal Ari Behn få den siste kvilestaden sin på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Det opplyser talspersonen til familien Geir Håkonsund til VG.

Gravlunden ligg nedanfor St. Hanshaugen i Oslo. Her ligg ei lang rekke historiske nordmenn gravlagt, som Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Edvard Munch, Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven.

Gravlunden vart tatt i bruk i 1808. Allereie i 1911 var gravlunden full, og etter det vart det berre oppretta nye gravstader der festetida hadde gått ut, heiter det på Oslo kommunes nettsider. Frå 2014 har det vore mogleg å få ei urnegrav på Vår Frelsers gravlund. For å verne det historiske særpreget på staden er det likevel ikkje lov med gravminne med ny design.

Gravlunden har over 4.500 bevaringsverdige gravminne.

Den 47 år gamle forfattaren, kunstnaren og prinsesse Märtha Louises tidlegare ektemann tok sitt eige liv første juledag. Han vart bisett frå Oslo domkyrkje 3. januar.

(©NPK)

Liknende shotter
De mest populære shotter for denne uken