Hot temaer lukke

VM-profilen blir hetsa i heimlandet: – Opplevast som eit svik

VMprofilen blir hetsa i heimlandet  Opplevast som eit svik
Den argentinske landslagsspelaren Yamila Rodriguez har vorte utsett for massive reaksjonar etter å ha avslørt ei ny tatovering i VM.

Den er nemleg av det litt overraskande slaget: Eit portrett av Cristiano Ronaldo.

Undervegs i kampen mot Italia kunne ein sjå ansiktet til portugisaren stikke opp frå strømpene til argentinaren.

Men at den argentinske landslagsspelaren har valt å pynte seg med Lionel Messi sin erkerival i kampen om å vere den beste spelaren i verda det siste tiåret, har falle mange argentinarar tungt for brystet.

For mange argentinarar opplevast det nok som eit svik både mot Messi og Argentina sine fotballsupportarar, fortel Johannes Nymark til NRK.

Han er førsteamanuensis ved Noregs handelshøgskole med Spania og Latin-Amerika som spesialfeltet sitt og har skrive fleire bøker om spansk og argentinsk fotball.

Gløym ikkje at Cristiano Ronaldo har prøvd å skugga over Messi, som etter VM-sigeren i Qatar endeleg har vorte heilt og fullt godteken av det fotballgalne argentinske folket, påpeikar Argentina-eksperten.

TYDELEG: Ansiktet til portugisaren kikkar opp frå strømpene.

Foto: Alessandra Tarantino / AP
– Slutt

Sidan tatoveringa vart avslørt har Rodriguez vorte utsett for så mykje hets at ho nyleg tok eit oppgjer med alle kommentarane.

– Vennlegst stopp! Eg har det ikkje bra. På kva tidspunkt sa eg at eg er anti-Messi? Slutt å seie ting eg ikkje har sagt, skreiv ho på Instagram.

Ho har nemleg vorte skulda for å favorisere Cristiano Ronaldo, noko som fleire har oppfatta som eit svik mot Argentina og Lionel Messi.

– Eg har det ikkje dårleg på grunn av dykk, men for det forferdelege som blir sagt. Kan du ikkje ha eit idol eller ein spelar du likar, spurde Rodríguez.

– Hatar ikkje Messi

Spissen som har fått to innhopp så langt i VM, har tidlegare uttalt at Cristiano Ronaldo er hennar største førebilete.

PYNTA: I tillegg til Ronaldo har Diego Maradona fått plass på beina til Rodriguez.

Foto: JUAN MABROMATA / AFP

Etter hetsen kjenner ho seg nøydd til å forsvare valet.

– Messi er den store kapteinen vår på landslaget, men det faktumet at eg seier at inspirasjonen min og idolet mitt er Ronaldo, betyr ikkje at eg hatar Messi. Vi er ikkje alle forplikta til å berre elske spelarane i landet vårt, skreiv ho.

For ordens skyld så har også Rodriguez ei tatovering av Diego Maradona på venstre lår.

Hjå sportsjournalistar og delar av middelklassen er Cristiano Ronaldo godteken som ein strålande fotballspelar, generelt i folket blir han snarare sett på som ein spelar som har trena seg opp på helsestudio, medan dei store argentinske idola Maradona og Messi vart til på «løkka», forklarar Nymark.

Liknende shotter
  • Mannat new video watch full episode on colors manvik love vm
Nyhetsarkiv
  • Jonas Gahr Støre
    Jonas Gahr Støre
    Støre om Jens som ny finansminister: – Viktig å få de beste i regjering
    4 Feb 2025
    93
  • Andorra
    Andorra
    Pallen glapp for de norsk alpinistene i Andorra
    10 Feb 2024
    7
  • Mikrofly
    Mikrofly
    Mikrofly krasjet på E6 på Oppdal – to personer omkom
    1 Jul 2024
    3
  • Landskamp
    Landskamp
    Gratis skolemat i videregående skoler i Oslo – VG Nå: Nyhetsdøgnet
    7 Sep 2021
    1
  • Adrian Newey
    Adrian Newey
    BBC: Genierklært Red Bull-sjef forsvinner etter Horner-konflikten ...
    25 Apr 2024
    1
  • Casper Ruud finale
    Casper Ruud finale
    Øyner Ruud muligheten: - Sjansen har aldri vært større for å slå Nadal i en finale
    4 Jun 2022
    2