Hot temaer lukke

Ut mot norsk publikum før VM: – Slutt med det

Ut mot norsk publikum før VM  Slutt med det
Det norske publikummet får klar beskjed frå VM-stjernene.

Kort fortalt

  • Svenske langrennsutøvarar som Moa Ilar og Maja Dahlqvist meiner buing frå det norske publikummet under prøve-VM i Trondheim var usportsleg og håpar på betre sportsånd under VM.
  • Johannes Høsflot Klæbo støttar svenskane og meiner buing ikkje høyrer heime i sporten, medan Kristine Stavås Skistad ser på buing som ein motivasjonsfaktor.
  • Frida Karlsson førebur seg på mogleg buing, men håpar på ein positiv atmosfære og støtte frå svenske fans.

*Dette er ein tekst generert av kunstig intelligens (KI). Innhaldet er sikra av NRKs journalistar.

Dei tydelege meldingane kjem etter at svenskane fekk det dei kjente var ein uhyggeleg velkomst, førre gong dei var i Trondheim.

– Det var ikkje kult. Det høyrer ikkje til sporten, seier den svenske langrennsutøvaren Moa Ilar til NRK.

Da svenskane var i Granåsen under prøve-VM i Trondheim vel eit år sidan, opplevde dei buing frå det norske publikummet.

– Det er ikkje sportsmanship å bue på andre. Ein får heie på folk i idrett, meiner Ilar.

Ho får støtte av Maja Dahlqvist som er blant Sveriges store medaljekandidatar i VM.

– Det skal vere rivalisering mellom Noreg og Sverige, men i prøve-VM i Trondheim bua dei på oss, og det tenker eg er litt vel mykje. Det er ein sjarm i det heile at det blir ein kamp, for det er ekstra godt å slå dei på heimebana deira.

BONUS Å VINNE I NOREG: Maja Dahlqvist flytta til Trondheim. No drøymer ho om å vinne VM-medaljar der.

Foto: BILDBYRÅN

Klæbos klare oppfordring

Johannes Høsflot Klæbo kan knapt få eit VM meir på heimebane enn når det blir arrangert i hans eiga leikegrind i Granåsen.

Trønderen vil gjere det han kan for å øydelegge for Sveriges medaljehåp dei neste vekene, men akkurat i denne debatten deler han synet til svenskane.

– Buing er ikkje det beste som er. Det er eg einig i. Det må vi forhåpentleg unngå under VM. Det trur eg ikkje kjem til å skje heller, seier Klæbo til NRK.

Er svenskene for hårsåre?

Ja, buing må dei berre tole i Trondheim Fysj, det er respektlaust med buing Usikker, buing er i grenseland

Vis resultat

Svenske Jonna Sundling deltok ikkje under prøve-VM på grunn av sjukdom, men har fått med seg reaksjonane på at det blei bua.

– Eg synest det er litt synd at dei buar, seier Sundling.

Under sprintfinalen på Lillehammer denne sesongen opplevde ho noko buing og folk som song «vi kan kjøpe heile Sverige om vi vil».

Det brukte ho som ekstra påfyll på tanken – og enda med å vinne.

– Da tenkte eg berre «ok, dei heiar på meg». Eg berre snudde på det. Men eg synest ikkje det er så bra, men i andre sportar buar dei. Dei får halde på om dei vil, meiner ho.

– Vi lo litt av det

Buinga i Trondheim blei ein snakkis blant svenskane etter prøve-VM, fortel Ilar, som no ventar at det norske publikummet har lært.

– Vi lo litt av det, men det var litt trist. Det der kan dei slutte med.

– Kor går forskjellen mellom rivalisering og usportsleg åtferd?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, men eg meiner at buing ikkje høyrer heime i idretten. Ein kan heie og støtte på dei ein verkeleg vil at skal gjere det bra, meiner Ilar.

Når ho høyrer sitt eige namn bli ropt opp før ei VM-øving, håpar ho at det ikkje kjem mishagsytringar.

– Det var mykje buing da dei ropte opp svenskane på start. Eg håpar dei har lært seg ei lekse til VM, seier ho.

BEGEISTRA OVER BUING: Skistad har tidlegare etterlyst buing frå svenskane.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Norsk stjerne elska pipekonsert

Kontrasten er stor til Kristine Stavås Skistad som i Falun i fjor bad om å bli bua på av svenskane.

– Eg elskar å bli bua på, det gir mykje motivasjon undervegs, sa Kristine Stavås Skistad før verdscupen i Falun i 2024.

– I fjor opplevde eg mykje buing. Det var ei stor oppleving, så eg er spent på kva dei kjem med i år.

– Vil du oppfordre svenskane til å bue på deg?

– Det er berre å køyre på. Jo meir buing, jo betre, sa ho da.

TILBAKE I TRONDHEIM: Frida Karlsson frå prøve-VM i desember 2023.

Foto: Bildbyrån / NRK

Frida Karlsson er truleg svensken i Trondheim som er mest kjend blant det norske publikum. Ho prøver ikkje å bruke mykje energi på kva ho har i vente.

– Det er ikkje sånn at ein tenker på det som langrennsutøvar, men det er litt usportsleg. Det er meir hyggeleg å skape ei positiv stemning, tenker eg, seier Frida Karlsson til NRK.

Lurt inn i debatt med Danby 02:42

Rørende bilder: – Dette er søskenkjærlighet 00:53 Skandalescener i Algarve rundt – bilder fra Max 01:24 Tatt på senga av NRK-spørsmål: – Satte meg skikkelig ut 01:03

Vis flere

Publisert 24.02.2025, kl. 22.18

Liknende shotter
  • Mannat new video watch full episode on colors manvik love vm
Nyhetsarkiv
  • Charlize Theron
    Charlize Theron
    Charlize Theron byttes ut: – Knuser hjertet mitt litt
    7 Jul 2020
    2
  • Michael Jeffries
    Michael Jeffries
    Tidligere toppsjef for kleskjeden Abercrombie & Fitch Michael ...
    22 Okt 2024
    2
  • BlimE!
    BlimE!
    Honningsvåg skole med BlimE-dansen 2024 Radio Nordkapp
    20 Sep 2024
    3
  • Kristofer Hivju
    Kristofer Hivju
    Kristofer Hivju endret utseende: Ikke til å kjenne igjen
    18 Mar 2023
    1
  • Larry Nassar
    Larry Nassar
    Medier: Overgrepsdømt lege overfalt i fengsel
    10 Jul 2023
    1
  • Tom Sizemore
    Tom Sizemore
    «Saving Private Ryan»-skuespiller Tom Sizemore er død
    4 Mar 2023
    5