Hot temaer lukke

Raudt kort og totalkollaps for Vålerenga – NRK Sport – Sportsnyheter, resultater og sendeplan

Raudt kort og totalkollaps for Vålerenga  NRK Sport  Sportsnyheter resultater og sendeplan
– Dette er spel mot eitt mål heile tida. Dette er godt gjort berre tre dagar etter kampen mot Arsenal, sa Bodø/Glimts trenar Kjetil Knutsen etter 6-0-sigeren i Oslo.

Den tidlege utvisinga av Vålerenga-keeperen la grunnlaget for festkveld og målshow for Bodø/Glimt i Oslo.

Med 6–0 heldt Glimt liv i sin tynne sjanse til seriegull i eit par timar. For Vålerenga betyr tapet at dei truleg må sjå langt etter seriemedaljar og europacupspel.

Det er Vålerengas største heimetap på 33 år – sidan 2-8 mot Rosenborg 1. oktober 1989.

Og Molde fekk inga hjelp. Dei må gjere jobben sjølve i kampen som tok til omtrent samstundes når oppteljinga av mål i Glimts kamp var ferdig.

– For tre år sidan tapte vi 6–0 her. Det smakar langt betre å vinne 6-0, sa Patrick Berg.

– Påverka den tidlege utvisinga kampen?

– Det er klart kampen blir påverka. Vi hadde fokus på lange angrep så dei skulle få springe litt. Det blir verre for dei når dei er ti mann, seier Berg.

– Vi er skikkeleg gode i dag. Vi skulle scora endå fleire, sa tomålsscorar Amahl Pellegrino.

Glimt-trenar Kjetil Knutsen var ein glad mann etter kampen, men la ikkje skjul på at dei fekk hjelp av den tidlege utvisinga.

– Men eg synest at vi var det styrande laget før det også. Å spele mot ti mann krev at vi held oppe konsentrasjonen. Det gjer vi i dag, det er spel mot eitt mål. Det er godt gjort berre tre dagar etter kampen mot Arsenal, sa Knutsen.

Keeper-utvising

Denne kampen blei meir eller mindre avgjort før det var spela eit kvarter.

Glimts og eliteseriens toppscorar Amahl Pellegrino blei spela vakkert gjennom og gjekk åleine mot mål. Like utanfor 16-meteren blei han felt av Vålerenga-keeper Magnus Sjøeng. Utvisinga var klokkeklar, og heimelaget måtte halde fram med ti mann.

– Det kom ei gjennombrotspasning som eg rykka ut på. Det kom til ein 50-50-duell. Eg såg at han kom først, eg prøver å trekke føtene til meg, men det blir kontakt og han fell, sa Sjøeng, som fekk si første utvising i karrieren.

– Det blir tøft i kveld, vi får sjå om det blir så mykje søvn i natt. I morgon skal eg sjå på det og lære av det. Akkurat no er det ikkje så mykje å snakke om.

Vålerenga-trenar Dag Eilev Fagermo kalla kampen forferdeleg for hans lag.

- Utvisninga ser grei nok ut, og gav oss ein frykteleg start. Men Magnus er ein klok gut, og lærer av dette.

Frå då av var alt håplaust for heimelaget.

– Vi greidde ikkje å omstille oss. Vi gjekk framover som om vi hadde 11 mann på bana, og gjorde det lett for dei. Det tok ei stund før vi greidde vi å trekke oss tilbake og bli meir kompakte, vi var kanskje litt naive, sa VIF-kaptein Jonatan Tollås Nation til Eurosport i pausen.

Frisparket etter utvisinga gjekk i muren og over. Den etterfølgjande corneren enda etter litt fram og tilbake hos Runar Espejord, som heada Glimt i leiinga frå kort hald.

MÅLKONGEN: Amahl Pellegrino sette inn sitt seriemål nummer 22 og 23 denne sesongen

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Då tok det til å bli klart at Molde ikkje ville få hjelp av Vålerenga til å sikre seriegullet, og måte gjere jobben sjølv.

Det blei endå klarare etter halvtimen. Pellegrinos skot frå 16-metersstreken sneia Tollås Nation og gjekk i mål. Det var Pellegrinos 22. mål på 23 seriekampar i år.

Nummer 23 kom berre sju minutt etterpå. Han fekk ballen inne i feltet, drog seg forbi Vålerengas reservekeeper Sondre Rossbach og sette inn 3–0.

– Glimt er gode nok frå før

– Eg synest vi er gode. Vi senka tempoet litt då dei fekk raudt kort, vi kan setje opp tempoet og score endå fleire mål, sa Pellegrino til Eurosport i pausen.

– Nei, Glimt er gode nok frå før. Når vi er ti mann utpå der blir det blytungt, sa VIF-kaptein Tollås.

– Kampen er tapt. Vi må berre vise moral og ikkje sleppe inn fleire mål, sa trenar Dag-Eilev Fagermo i pausen.

Det greidde dei ikkje. Ola Solbakken smelte inn 4–0 frå kort hald og spiss vinkel eit kvarter ute i andre omgang.

Og fire minutt etterpå: Patrick Berg får ein retur frå forsvaret, og knallar ballen hardt og lågt i nota like ved stolperota. 5–0.

Nye 15 minutt, og det stod 6–0. Denne gongen ved danske Albert Grønbæk. Joel Mvuka kom til dødlinja på høgresida, og innlegget fekk ein heilt umarkert Grønbæk heada knallhardt i mål.

- No må vi berre avslutte sesongen på ein best mogeleg måte, sa Fagermo, som må slå fast at det blir svært vanskeleg å få medalje og europa-spel ut av denne sesongen, som det er fire serierundar att av.

Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • Koronaregler
    Koronaregler
    Nå har formannskapet i Trondheim sagt sitt om koronareglene i kommunen
    14 Jan 2022
    1
  • Nordfjordeid
    Nordfjordeid
    Brannen i naust på Nordfjordeid er sløkt
    26 Apr 2023
    3
  • Alexis Mixter
    Alexis Mixter
    «How I Met Your Mother»-Jason Segel: - Avslører brudd
    30 Apr 2021
    2
  • Tv2 no
    Tv2 no
    «Farmen kjendis»: Reagerer: Jævla urettferdig
    31 Jan 2024
    4