Havarikommisjonen sin rapport etter Viking Sky-dramaet er klar

23. mars 2019 fekk cruiseskipet stans på alle motorane i full storm over det vêrharde havstykket Hustadvika i Romsdal. Skipet var berre sekund unna å gå på grunn.
Dei 915 passasjerane og mannskapet på 458 var i livsfare, før dei fekk i gang att maskineriet.
Det blei sett i gang ein enorm redningsaksjon med helikopter for å hente ut flest mogleg, fordi det var for farleg å sette ut livbåtane. TV-bileta av dramaet blei vist verda rundt.
Den dramatiske videoen skal vere frå ein Viking Sky-passasjer som ventar på evakuering. (Alexus Sheppard/Twitter)
Skulle ikkje reist frå Tromsø
Ulykka kunne ha blitt ei av dei verste katastrofane til sjøs i moderne tid.
Ei stor internasjonal gruppe med ekspertar frå amerikansk, britisk, australsk, italiensk og norsk Havarikommisjon har jobba med å finne årsaka til at det nye norske cruiseskipet kunne få black-out på alle fire motorane samstundes.
Dag Liseth er avdelingssjef og leiar for Sjøfartsavdelinga i Havarikommisjonen.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKMange år forseinka er no rapporten klar. Havarikommisjonen meiner at skipet aldri burde ha lagt ut på ruta fordi dei hadde ein dieselgenerator som ikkje fungerte då dei la frå kai i Tromsø.
Både mannskap og passasjerar var då uvitande om at dei var utsett for ein auka risiko, skriv kommisjonen i rapporten.
– Du har eit regelverk som heiter Safe return to port. Det krev at du skal kunne slå ut eitt av to maskinrom. I Viking Sky var dei allereie utan eit av framdriftsmaskineria. Det betydde at under dei vêrforholda hadde dei ikkje nok maskinkraft til å forlate Tromsø og gå inn i Hustadvika, seier Dag Liseth.
Han er avdelingssjef og leiar for Sjøfartsavdelinga i Havarikommisjonen.
Den utløysande årsaka til havariet var at det var for lite smørjeolje på tankane og tankane var heller ikkje designa i samsvar med motorfabrikken si anbefaling, hevdar Havarikommisjonen.
Passasjerane gjorde seg klare til evakuering. Det var for dårleg ver til at livbåtane kunne brukast.
Hadde ikkje tilstrekkeleg opplæring
Undersøkinga har avdekka både operasjonelle, tekniske og organisatoriske tryggleiksproblem som på ulike måtar bidrog til at skipet fekk dei ein kalla blackout, altså at motorane stansa.
Dei tilsette hadde heller ikkje fått tilstrekkeleg opplæring blir det konkludert med.
Dei hadde aldri trent på fullskala black out, utan nokon form for back up. Maskinistane blei difor stilt overfor ein situasjon dei ikkje var trente på å handtere. Situasjonen var stressande og kontrollsystemet komplekst, ifylgje rapporten.
Den utilstrekkelege opplæringa bidrog mest truleg til at gjenopprettinga av motorkrafta blei tidkrevjande, heiter det i rapporten. Det gjekk 39 minutt frå black out til begge framdriftsmotorane var i drift igjen.
Dette er tiltaka som Havarikommisjonen foreslår etter Viking Sky:
Ekspander/minimer faktaboks
- Statens havarikommisjon tilrår den italienske verftsgruppa Fincantieri å gjennomgå og styrke designprosessen for å sikre at smøreoljetanker i fremtida blir designa og bygd i samsvar med SOLAS*-konvensjonen og klassereglene. Fincantieri blir også råda til å undersøke om andre skip bygd ved samme verft kan ha smøreoljetankar som ikkje oppfyller gjeldande regelkrav, og eventuelt iverksette nødvendige tiltak.
- Statens havarikommisjon tilrår klasseselskapet Lloyd’s Register å gjennomgå og styrke godkjenningsprosessen for å sikre at smøreoljetankar blir designa og bygd i samsvar med SOLAS-regelverket og klassereglane.
- Statens havarikommisjon tilrår Lloyd’s Register å krevje at det blir iverksett tiltak for å sikre at Viking Sky og søsterskipa er i samsvar med SOLAS-regelverket og LRs klassereglar gjennom berekning og innføring av operasjonsbegrensninger knytt til dagens tankdesign, endring av tankdesignet, eller en kombinasjon av desse.
- Statens havarikommisjon tilrår Sjøfartsdirektoratet å krevje at det blir iverksett tiltak for å sikre at Viking Sky og søsterskipa er i samsvar med SOLAS-regelverket gjennom berekning og innføring av operasjonsbegrensningar knytt til dagens tankdesign, endring av tankdesignet, eller en kombinasjon av desse.
- Statens havarikommisjon tilrår Sjøfartsdirektoratet å fremje eit forslag for International Maritime Organization (IMO) om utarbeiding av teknisk rettleiing for korleis SOLAS kapittel II-1 del C regel 26.6 skal følgast i praksis.
- Statens havarikommisjon tilrår Lloyd’s Register å fremje et forslag for International Association of Classification Societies (IACS) om utarbeiding av teknisk rettleiing for korleis SOLAS kapittel II-1 del C regel 26.6 skal følgast i praksis.
- Statens havarikommisjon tilrår Sjøfartsdirektoratet å fremje eit forslag for International Maritime Organization (IMO) om at inklinometerdata i samsvar med dei tekniske krava i resolusjon MSC.363(92) registrerast i VDR for alle SOLAS-skip på 3 000 bruttotonn eller meir.
- Statens havarikommisjon tilrår Wilhelmsen Ship Management i samarbeid med Viking Ocean Cruises å gjennomføre ein systematisk og heilskapeleg gjennomgang av overvakingssystemet for nivået på smøreoljetankane og sikre at skipa er utstyrt med eit nøyaktig og påliteleg overvakingssystem.
- Statens havarikommisjon tilrår Fincantieri å gjennomføre eon systematisk og heilskapeleg gjennomgang av overvakingssystemet for nivået på smøreoljetankane og iverksette nødvendige tiltak for å sikre at fremtidige skip er utstyrt med eit tilstrekkelig nøyaktig og påliteleg eksternt overvakingssystem for smøreoljetankar.
- Statens havarikommisjon tilrår Wilhelmsen Ship Management i samarbeid med Viking Ocean Cruises å gjennomføre ein operatørfokusert design- og konfigurasjonsgjennomgang av alarmsystemet i maskinrommet og å foreta nødvendige forbetringar.
- Statens havarikommisjon tilrår Sjøfartsdirektoratet å fremje eit forslag for International Maritime Organization (IMO) om at det blir utvikla en ytelsesstandard for alarmsystem i maskinkontrollrom på skip.
- Statens havarikommisjon tilrår Sjøfartsdirektoratet å fremje eit forslag for International Maritime Organization (IMO) om å endre VDR-ytelsesstandarden til også å omfatte lydopptak fra maskinkontrollrommet.
Kjelde: Statens Havarikommisjon
* SOLAS står for International Convention for the Safety of Life at Sea og er en internasjonal konvensjon som har som formål å sikre sikkerheten til liv og eiendom til sjøs. Konvensjonen ble vedtatt i 1914 og har blitt revidert flere ganger siden den gang. SOLAS inneholder forskrifter om sikkerhetskrav til skip, utstyr og mannskap, og omfatter blant annet brannsikkerhet, redningsutstyr, navigasjon, lastesikring og farlig last. SOLAS gjelder for alle skip som seiler i internasjonale farvann (KI-generert men gjennomgått av fagpersoner i direktoratet)
Kjelde: Sjøfartsdirektoratet
Viking Sky var berre om lag ei skipslengde frå å grunnstøyte. Ulykka hadde potensial til å bli ei av dei verste katastrofane til sjøs i moderne tid, skriv Havarikommisjonen i rapporten.
Foto: Åse Grete FarstadMå gjennomgå andre skip
William John Bertheussen, som er direktør i Statens Havarikommisjon seier at undersøkingane har vore svært krevjande.
– Vi har brukt mykje tid og mykje ressursar på å kome til botns i saka. Det har vore mange internasjonale involverte, mange aktørar, kompliserte tekniske anlegg og vanskeleg internasjonalt regelverk, seier Bertheussen.
William John Bertheussen, som er administrerande direktør i Statens Havarikommisjon, seier at det er brukt store ressursar på rapporten.
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRKEitt av tiltaka som Havarikommisjonen kjem med er at den italienske verftsgruppa Fincantieri må undersøke om andre skip bygd ved same verft kan ha smørjeoljetankar som ikkje oppfyller gjeldande regelkrav, og eventuelt sette i verk nødvendige tiltak.
Havarikommisjonen har også vanskar med å forstå kvifor det tok så lang tid for mannskapet å fylle på olje og kvifor dei strevde med å gjenopprette styring og framdrift.
Dei foreslår difor å endre standarden slik at det blir gjort lydopptak får maskinrommet.
Meiner smørjeoljetankane er innanfor kravet
Sjøfartsdirektoratet meiner det er bra at det har kome ei grundig gransking av hendinga, men dei er ikkje samd i alle vurderingane til Havarikommisjonen.
Dei meiner at designen av smørjeoljetankane er klart innanfor regelverket. Dei meiner at for lite olje på tanken var årsaka til ulykka og at dersom det er høgare nivå av olje på tanken, skjer det ikkje black out eller oljetrykkfall.
Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide meiner at utforminga av smørjeoljetankane er innanfor regelverket.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK– Hadde vi ikkje vore sikre på dette, ville både Viking Sky og fartøy med tilsvarande løysingar, blitt lagt til kai av oss. Vi tar sikkerheita på alvor, noko vi også har gjort i oppfølginga av Viking Sky. Kommisjonen skal sjølvsagt få lov til å vere ueinig, men det påverkar ikkje vår sterke faglege vurdering på dette punktet, påpeikar sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide i ei pressemelding.
Dei meiner at det dermed ikkje er relevant at den eine generatoren var ute av drift då skipet forlét Tromsø, fordi blackouten uansett ville ha skjedd på grunn av det låge oljenivået.
I etterkant av nestenulykka sette regjeringa ned eit offentleg utval som vurderte beredskapen med den auka cruisetrafikken i norske farvatn. Dei har mellom anna foreslått å gi cruiseskip avgrensingar når det er dårleg ver.
Ankeret på Viking Sky knakk rett av da kapteinen prøvde å avverje at skipet skulle grunnstøyte.
Foto: Ann Eli NøsenI full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.