Berisha i Noregs kamptropp

Veton Berisha er i bra nok form til å kunne ta del i Noregs heimekamp mot Montenegro i VM-kvalifiseringa. Viking-spissen har slite med influensasymptom.

Rogalendingen er med det norske laget til oppgjeret på Ullevaal stadion måndag kveld. Det stadfestar landslagslege Ola Sand overfor TV 2. Han seier Berisha er «mykje betre og er i tropp».
Det er uklart om han startar for Noreg eller blir ein av Ståle Solbakkens alternativ på benken.
Søndag fortalde Solbakken at Berisha hadde symptom på influensa. Sidan har forma løfta seg til det betre.
27-åringen spelte det siste kvarteret i Noregs 1-1-kamp mot Tyrkia fredag.
(©NPK)