Så mykje er samla inn under årets TV-aksjon så langt

– Dette er helt vilt. Det er ei veldig viktig sak, og eg må si på vegne for alle vi skal gjere ein forskjell for: «Tusen takk!», seier generalsekretær Kari Helene Partapuoli i Plan International Norge til NRK søndag kveld.
I år går inntektene til Plans arbeid for å bekjempe barneekteskap i Malawi, Niger, Mali, Nepal og Bangladesh.
– I dei landa TV-aksjonen skal gå til har fattigdommen auka og færre barn går på skulen. Nettopp fattigdom og mangel på skuletilgang er to av årsakene til at barneekteskap framleis finst, sa Generalsekretær i Plan International Norge, Kari Helene Partapuoli innsamlingsaksjonen starta søndag.
– Denne aksjonen er nå viktigare enn det den var for berre halvtanna år sida, legg ho til.
SPENT: Generalsekretær i Plan International Norge, Kari GENERALSEKRETÆR: Helene Partapuoli, under TV-aksjonen 2021.
Foto: Jane Rasmussen / NRKEtter sendinga søndag kveld var det talt opp heile 243.310.609 kroner i kampen mot barneekteskap.
Blant anna gav regjeringa 50 millionar kroner til TV-aksjonen.
Etter sendinga kunne generalsekretæren sleppe jubelen laus:
– Med denne inntekta kan vi gjere så mykje. Dette betyr så mykje, sa ho til NRK.
Sjekk kor mykje kommunen din har gitt så langt her.
BARN, IKKJE BRUD: Årets TV-aksjon går til å bekjempe barneekteskap i Malawi, Niger, Mali, Nepal og Bangladesh.
Kommunen som har gitt flest kroner per innbyggar hittil er Svalbard.
Svalbard har samla inn 564, 20 kroner per innbyggar, og er like framfor Rogalandskommunen Utsira på statistikken.
Kommunane med størst gjevarvilje hittil er Svalbard, Utsira, Træna, Bokn og Lurøy.
I storbykampen er det Stavanger som leiar an med 60, 35 kroner per innbyggjar framfor Lillehammer. På tredje- og fjerdeplass er Oslo og Trondheim.
Rogaland er det fylket som til nå har samla inn mest.
Christian Strand med generalsekretær i Plan Norge, Kari Helene Partapuoli, som er spent på kva summen blir.
Foto: Jane Rasmussen / NRKDet vil framleis bli registrert bidrag dagane som kjem.