Hot temaer lukke

Den liberale høgsterettsdommaren Stephen Breyer går av med pensjon

Den liberale høgsterettsdommaren Stephen Breyer går av med pensjon
Den liberale høgsterettsdommaren Stephen Breyer går av med pensjon, ifølgje amerikanske medium. President Joe Biden får moglegheit til å velje erstattar.

Breyer har vore dommar i USAs øvste domstol i over 27 år. Han planlegg å tre av ved slutten av den noverande perioden, som i år er i juni, skriv mellom anna NBC.

To kjelder har òg stadfesta avgangen til nyheitsbyrået AP. Breyer har sjølv ikkje kunngjord avgangen endå.

83-åringen er ein av tre gjenverande liberale dommarar. Dommarar i USAs høgsterett sit normalt livet ut, og det ligg dermed stor makt i utnemning av dommarar.

Det er opp til president Joe Biden å nominere ein ny kandidat til å ta Breyers plass. Nominasjonen må sidan bli godkjend av Senatet. Fleire liberale aktivistar har bede Breyer om å tre av no medan Demokratane har fleirtal både i Senatet og innehar presidentvervet.

Leiaren for Senatets fleirtal, Chuck Schumer, har etter nyheita om Breyers avgang sagt at Bidens nominasjon vil bli raskt vurdert av justiskomiteen i Senatet, og sidan vurdert og godkjent av heile Senatet i eit «overvegd raskt tempo».

Biden har tidlegare sagt at han ønskjer å nominere ei svart kvinne til vervet som dommar i høgsterett. Det ville i så fall vore første gong det skjer.

(©NPK)

Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • Bodø/Glimt mot PSV
    Bodø/Glimt mot PSV
    Ekspertene måper av Glimt-situasjonen: – Historiens dummeste
    3 Nov 2022
    1
  • D-vitamin
    D-vitamin
    D-vitamin reduserer risikoen for å dø av covid-19
    6 Feb 2022
    1
  • Pluragrotta
    Pluragrotta
    Publikum må ha fire sertifikater når Håkon spiller konsert: – Første ...
    29 Mar 2024
    2
  • Hans-Erik Saks
    Hans-Erik Saks
    Mannen bak «The Julekalender», Hans-Erik Saks, er død
    13 Dec 2024
    3
  • James May
    James May
    James May fra «Top Gear» og «Grand Tour» havnet i ulykke i Tromsø
    13 Aug 2022
    2
  • Talvik
    Talvik
    Stort jordras har gått i Alta – NRK Troms og Finnmark – Lokale nyheter, TV og radio
    3 Jun 2020
    1
De mest populære shotter for denne uken