Hot temaer lukke

Brann på bilferje utanfor Sverige under kontroll – NRK Urix – Utenriksnyheter og -dokumentarer

Brann på bilferje utanfor Sverige under kontroll  NRK Urix  Utenriksnyheter og dokumentarer
Brannen som starta om bord på passasjerferja Stena Scandica i Østersjøen utanfor Sverige, der 300 passasjerar er om bord, er nå sløkt.

Klokka 12.40 måndag kom det melding om brann på bildekket på ferja MS Stena Scandica utanfor Gotska Sandön i Østersjøen, meldte Aftonbladet.

Brannen er no sløkt, bekreftar pressetalsperson for det svenske Sjøfartsverket Lisa Mjörning til Dagbladet klokka 14.28.

Det skal vera 300 personar om bord, ifølge sjøfartsverket.

Dei har ikkje fått beskjed om nokon personskadar, seier ho til avisa.

– Me har varsla båtar og helikopter, og samarbeider med Sjøredningsselskapet, Kystvakta og handelsfart dersom det er slik at me må evakuera. Slik det ser ut nå treng me ikkje det, sa Mjörning til SVT før brannen var sløkt.

Starta i kjølebehandlar

Pressetalsmann i Sjøfartsverket Jonas Frantzen seier til TT at brannen starta i ein kjølecontainer på bildekket.

Frantzen fortel nyheitsbyrået at nokon få personar har forlate ferja. Redningsleiaren skal ta stilling til om det er naudsynt med ein fullskala evakuering, fortel Frantzen til TT.

Sjøfartsverket sa dei hadde kontroll på brannen rundt klokka 13.30.

– Passasjerane om bord er tatt hand om og det er ei avgrensa spreiing av brannen. Eg kan ikkje spesifisera det meir førebels fordi me framleis bygg oss eit bilde av situasjonen, seier pressetalsperson i Stena Line, som drifter ferja, Stefan Elfström til SVT.

Brannen skjedde nære naturreservatet Salvorev, som er eit viktig hekkeområde for sjøfugl og gyteområde for fisk.

Ukjent skadeomfang

Skadeomfanget på ferja er førebels ukjent.

– Det er røyk, men ingen opne flammar, sa Mjörning til Aftonbladet då brannen var kome under kontroll.

Fleire redningstenester er med i aksjonen.

VG har vore i kontakt med Giedrius Didoras, som bur i Brønnøysund. Per klokka 13.36 seier Didoras at han og resten av passasjerane er på det øvste dekket.

– Dei sa til oss at det brann på eit bildekk. Ferja har stoppa opp, og me ventar på informasjon på kva me skal gjera. Me kan ikkje sjå nokon av flammane, men me ser røyk frå begge sider av ferja, sa Didoras til VG.

Ferja Stena Scandica går mellom Nynäshamn i Sverige og Ventspils i Latvia. Ferja har ein kapasitet på 970 passasjerar.

Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • Marokko
    Marokko
    Eventyret over for Marokko – Frankrike til sin andre strake VM-finale
    14 Dec 2022
    4
  • Far Cry 6
    Far Cry 6
    Far Cry 6 slippes i oktober – se to nye trailere
    28 Mai 2021
    1
  • Martin Roe
    Martin Roe
    Tikamp: Roe nest sist i 110 meter hekk
    4 Aug 2021
    1
  • Royane
    Royane
    (+) Hundrevis evakuert fra utested – mann brukte pepperspray på dansegulvet
    16 Okt 2021
    3
  • Fredag den 13
    Fredag den 13
    (+) Nå er det høytid for ulykker: – Vi er på farten og stresser mer
    13 Sep 2024
    3
De mest populære shotter for denne uken