Hot temaer lukke

SpaceX-høgdetest avbroten i siste liten

SpaceX måtte avbryte den første testflyginga i stor høgd med det framtidige Mars-romskipet Starship i siste sekund i Texas.

Målet var å sende Starship opp i ei høgd på 12,5 kilometer over bakken, det høgaste til no med prototypen av dette fartøyet, og deretter få det til å lande vertikalt.

Men ei automatisk maskinnedstenging aktiverte seg då det stod att berre 1,3 sekund av nedteljinga i natt, norsk tid. SpaceX kunngjorde i direktesendinga på nettet at det ikkje ville bli gjort nye forsøk, og har ikkje opplyst om når neste forsøk kan skje.

SpaceX har gjennomført fem testflygingar med Starship tidlegare, men dei har berre vore oppe i 150 meters høgd.

SpaceX-anlegget ligg i Boca Chica søraust i Texas, nær grensa til Mexico, der selskapet byggjer og testar dette fartøyet. Planen er at Starship kan brukast både til å utplassere satellittar i bane rundt jorda, og til å frakte menneske og last til månen og Mars.

(©NPK)

Liknende shotter