Hot temaer lukke

Politiet godt førebudde under Sian-demonstrasjon i Bergen

Politiet godt førebudde under Siandemonstrasjon i Bergen
For å unngå ei gjentaking av fjorårets storming av sperringar, vald og bruk av tåregass har politiet førebudd seg godt før dagens Sian-demonstrasjon.

Laurdag klokka 13 starta den islamfiendtlege gruppa Sian sin demonstrasjon på plassen utanfor tingretten i byen.

Politiet anslår at kring 150 motdemonstrantar har møtt opp. Innsatsleiar John Endre Skeie trur trusselnivået vil vera lågt.

Motdemonstrantar til Sian på Tårnplass

MOTDEMONSTRANTAR: Motdemonstrantane står på den austlege sida av Tårnplassen. Biletet er teke om lag 13.10.

Foto: Skjermdump / Snapmap

– Me har tru på at dei som har kome og meldt motdemonstrasjon, skal gjera dette verbalt og med lovlege midlar, seier han.

Likevel har politiet vist bort fleire mindreårige.

– Nokon har kome til staden med steinar i lommene. Dei steinane har me teke frå dei, og vist dei bort.

innsatsleder politi, John Endre Skeie

LÅGT TRUSSELNIVÅ: Innsatsleiar i politiet, John Endre Skeie, reknar med at det blir lågt trusselnivå under dagens demonstrasjon.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

I fjor enda ein Sian-demonstrasjon på Festplassen i i dramatikk. Leiaren av gruppa vart slått ned.

Politiet vil ikkje seia kor mange politifolk som er på Tårnplass laurdag, men iallfall 35 står føremiddag inne på plassen framfor tingretten.

Betongelement og franske gjerder er sett inn for å skilja Sian og motdemonstrantane.

sian

SPERRINGAR: Desse sperringane, kalla franske gjerder, står ved alle gatene som leier inn mot Tårnplassen, samt midt på plassen.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK
Vald og tåregass i fjor

24 personar vart meldt til politiet etter demonstrasjonen i fjor. Sju av dei, alle menn over 18 år, fekk mellom 12.000 og 17.000 kroner i førelegg for ordensforstyrringar.

Motdemonstrantar hoppa over sperringane politiet hadde sett ut. Politiet brukte tåregass mot motdemonstrantane.

Demonstrasjon på Festplassen 25.08.20.

STORMING: Motdemonstrantar braut seg i fjor over sperringane på Festplassen og angreip Sian.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Etter Sian hadde fjerna seg frå Festplassen, samla kring 200 personar seg ved politihuset i Bergen. Politiet valde å omringa politihuset.

I etterkant slo politiet alarm om at unge hadde mista respekten for dei.

– Me blir framstilt som ein veldig valdeleg etat som ikkje er på lag med innbyggjarane, og som diskriminerer enkelte folke- og aldersgrupper, sa driftseiningsleiar Morten Ørn til politiet den gong.

Politiet i Bergen

POLITIHUSET: Politiet omringa i fjor politihuset i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK
Avstengd Tårnplass

BT kunne tidlegare denne veka skriva at politiet hadde sendt ut brev til fleire rektorar i Bergen, der dei bad dei «lodda stemninga», for å finna ut kor mange som hadde tenkt seg på demonstrasjonen. Politiet bad også skulane om å gjera elevane bevisste på ytringsfridomen og politiet si rolle.

– Me skal overhovudet ikkje «lodda stemninga» for politiet, sa nestleiar i Utdanningsforbundet i Bergen, Eirik Lilleheil, til avisa.

lars Thorsen SIAN

DEMONSTRASJONEN: Sian-leiar Lars Thorsen held demonstrasjon på Tårnplassen i Bergen. Motdemonstrantane står på nedsida av plassen bak bannera.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

BT kunne også melda at dei fire bedriftene på bakkeplan på Tårnplassen, valde å stengja dørene laurdag. Etestaden Plassen rekna med å tapa ei omsetning på 50.000 kroner.

Instagram-kontoen til Vest politidistrikt publiserte torsdag ein video om ytringsfridom og demonstrasjonar.Tidlegare i september diskuterte politimester Kaare Songstad fjorårets Sian-demonstrasjon, ytringsfridom og politiet sin rolle under ei økt basketball med Marco Elsafadi.

Liknende shotter
  • Robin Kåss frustrert Så mye kostet SIANmøtet kommunen
  • Nyhet Porsgrunn  Motdemonstrantene møtte opp på antiislamsk protest   SIAN pisser på religionen deres
Nyhetsarkiv
  • Tore Sagen
    Tore Sagen
    Reagerer på «Radioresepsjonen»-tirade: «Nå er det på tide at de beklager»
    31 Okt 2019
    4
  • iPhone 13
    iPhone 13
    Storlansering fra Apple: Her er Iphone 13
    14 Sep 2021
    2
  • Morten Viskum
    Morten Viskum
    Politiet knuste bilruta til kunstner Morten Viskum: Trodde det var en ...
    28 Aug 2024
    1
  • Noah Holm
    Noah Holm
    Noah Holm til Frankrike – kan gi RBK kjempesum
    15 Sep 2024
    2
  • Chelsea, mot Fulham
    Chelsea, mot Fulham
    Innbytterne snudde kampen for Fulham – første ligatap på ti kamper ...
    26 Dec 2024
    1