Statsadvokaten i Tengs-saka måtte i vitneboksen

Grande måtte kaste kappa og innta vitneboksen framfor dommarane i Haugaland og Sunnhordland tingrett som følgje av at forsvararane i saka har kravd innsyn i dei hemmelege metodane til politiet under etterforskinga.
Forsvararane har tidlegare under saka stilt spørsmål om politiet brukte hemmelege agentar under etterforskinga av den no tiltalte 52-åringen i saka, men påtalemakta har nekta å svare på dette spørsmålet og vist til reglane for teieplikt.
Dommar Arne Vikse og Signe Lundegård er beden om å avgjere om dette hemmeleghaldet kan opphevast, og som del av denne prosessen måtte Grande, som påtaleleiar i saka, vitne i retten måndag morgon.
– Eg kan forsikre at det ligg føre ei rettsavgjerd som er kommen i forkant av tiltalen. Rettsavgjerda medfører at alle personar i saka er omfatta av teieplikt. Ingen kan seie noko om innhaldet i rettsavgjerda utan å bli strafferettsleg ansvarleg i forhold til teieplikta si, sa Grande på spørsmål frå dommaren.
Verken forsvararane eller bistandsadvokatane hadde spørsmål til Grande. Dommarane har lova ei avgjerd i saka i løpet av dagen.
(©NPK)
Aktor og statsadvokat Nina Grande under saka mot mannen som er tiltalt for å ha drepe 17 år gamle Birgitte Tengs i mai 1995, måtte sjølv innta vitneboksen under rettssaka måndag. Bakgrunnen er at alle i politiet og påtalemakta nektar å seie om det blei brukt hemmelege politiagentar under etterforskinga av 52-åringen.Foto: Jan Kåre Ness / NTB / NPK