Hot temaer lukke

Smitteutbrot i Ørsta: Ventar stor pågang ved teststasjonen

Etter smitteutbrotet i Ørsta er det venta stor pågang ved teststasjonen i Hovdebygda, og Volda kommune går no ut og oppmodar dei som er i ventekarantene og ikkje har symptom om å vente med å bestille test.

- Teststasjonen i Hovdebygda ber om at dei som ikkje har symtom, og dei som er i ventekarantene og ikkje har symptom, ikkje bestiller test 8. april, oppmodar Volda kommune på nettstaden sin.

Det gjer dei etter at Ørsta kommune har fått melding om 14 nye smittetilfelle i løpet av det siste døgnet.

- Teststasjonen i Hovdebygda ber om at dei som er i ventekarantene og ikkje har symptom, ikkje bestiller test i morgon. Dette er fordi teststasjonen ventar stor pågong, og det er no svært viktig at vi får testa nærkontaktene, samt øvrige innbyggarar som har symptom, skriv Volda kommune.

Liknende shotter
De mest populære shotter for denne uken