Hot temaer lukke

Ni nye smitta i Ørsta

Ørsta kommune melde rett før midnatt om ni nye tilfelle av covid-19 i Ørsta.

Ørsta kommune fekk onsdag kveld melding om ni nye smittetilfeller med covid-19. Alle desse er knytt til dei fire smittetilfella Ørsta kommune fekk meldt tysdag og onsdag. Det er i alt meldt 13 nye smittetilfeller i kommunen det siste døgnet. I tillegg vart det onsdag registrert eitt tilfelle i Volda.

- Smittevegen er no kjent, og smitta skriv seg til utbrotet i Herøy og Ulstein kommune, heiter det i ei pressemelding frå Ørsta kommune.

Smittesporingsarbeidet pågår framleis. I samband med desse smittetilfella vil fleire verte sette i karantene, dette gjeld:

- Fleire bebuarar og tilsette ved Bakk-Ola-Marka.

- Fleire bebuarar og tilsette ved Ørstaheimen, buavdelinga.

- Elevar i klasse 4A, 4B, 7A og 7B på Velle skule som var på skulen 06.04.

- Elevar i klasse 9A og 9C på Ørsta ungdomsskule som var på skulen 06.04.

- Fleire fotballag som har hatt trening i Kiwihallen 04.04. og 05.04.

Dei nærkontaktene som ikkje er informert onsdag kveld, vil verte kontakta i torsdag.

- Vi ber om at dei som er varsla om at dei er nærkontakter frå skule, arbeidsstad eller fotballtrening, bestiller seg time til første test i torsdag 8. april.

Husstandsmedlem til dei som er i karantene, vert sett i ventekarantene til nærkontaktene har fått svar på første test. Dersom den første testen er negativ, er husstandsmedlem ute av ventekarantene. Nærkontakta må framleis vere i karantene til vedkomande har fått svar på andre test i karantenen, som ein kan ta når det har gått over 7 døgn etter at nærkontakta sist var saman med den smitta. Dersom denne testen er negativ, kan ein då gå ut av karantene, heiter det frå kommunen.

Ørsta kommune melde onsdag kveld om totalt fjorten nye tilfelle i Ørsta i løpet av eitt døger. Dette er feil. Det rette skal vere tretten nye tilfelle i Ørsta kommune. Årsaka til feilen var at det eine nye tilfellet i Volda vart rekna med, presiserer Ørsta kommune torsdag føremiddag.

Liknende shotter
De mest populære shotter for denne uken