Hot temaer lukke

EU godkjenner atterreisingsplanen til Portugal etter pandemien

Portugals atterreisingsplan har fått tommelen opp frå EU-kommisjonens leiar, som er på reise for å markere starten på den økonomiske opphentinga etter koronaen.

– Portugal er først ute. Deretter held eg fram rundreisa mi denne veka til Spania, Hellas, Danmark og Luxembourg, skriv Ursula von der Leyen på Twitter.

Kommisjonen stiller seg bak Portugal sin plan for korleis landet skal bruke 16,6 milliardar euro i lån og bidrag til å få økonomien på fote igjen. Brorparten – 13,9 milliardar – kjem i form av tildelingar som ikkje skal betalast tilbake til EU.

– Planen er utarbeidd i Portugal. Reforma og investeringane som ligg i ho, gjer at Portugal kan komme styrkt ut av pandemien, meir robust og betre rusta for framtida, seier leiaren av kommisjonen i ei pressemelding.

– Dette er berre byrjinga. Eg gler meg til å sjå NextGenerationEU ta form, legg ho til.

NextGenerationEU er namnet på atterreisingspakken som skal hjelpe EU-landa å få økonomien på fote igjen etter pandemikrisa.

Symbolsk start

At von der Leyen startar prosessen på den iberiske halvøya, har stor symbolsk verdi. Portugal har for tida formannskapet i EU og har prioritert rask godkjenning av atterreisingsplanane. I tillegg er Spania ein av dei største mottakarane av pengar frå atterreisingsfondet. Totalt får landa 140 milliardar euro – omtrent like mykje som eit norsk statsbudsjett – rundt halvparten i direkte lån og tildelingar.

– To medlemsland i sør, som tidlegare følte at dei ikkje fekk støtte i Europa, nyt no godt av støtte og sjenerøsitet utan sidestykke frå dei nordlege partnarane sine, seier forskar Toni Roldan ved eit spansk senter for økonomisk politikk.

Spania vart hardt ramma då pandemien slo til tidleg i 2020, medan Portugal opplevde ein kraftig oppgang i talet på smitta og sjuke tidleg i år.

Har byrja å låne

Tysdag tok EU opp dei første låna på 20 milliardar euro – drygt 200 milliardar kroner – til å finansiere atterreisingspakken.

– Dette er ein historisk augneblink, sa von der Leyen tysdag kveld.

– Dette er berre første skritt i ei lang reise som skal sprøyte 800 milliardar euro inn i EU-økonomien. No er NextGenerationEU ein realitet og er klar til å leie an i vår felles atterreising og føre Europa inn på ein grøn, digital og robust kurs, supplerte budsjettkommissær Johannes Hahn.

(©NPK)

Liknende shotter