Hot temaer lukke

Betalte 400.000 for gamal bruktbil – tilsett hos Rebil Mobility tasta feil

Betalte 400000 for gamal bruktbil  tilsett hos Rebil Mobility tasta feil
Den gamle Audien skulle koste 40.000 kroner. Ved ein feil tasta bilkjøparen inn ein null ekstra.

Saka samanfatta:

  • Ei kvinne i Kristiansund selde sin gamle Audi for 400.000 kroner i staden for 40.000 på grunn av ei feil inntasting frå kjøparen.
  • Kjøparen, bilforhandlaren Rebil Mobility, har ikkje klart å få kontakt med kvinna etter kjøpet for å krevje tilbakebetaling.
  • Rebil Mobility har teke saka til Møre og Romsdal tingrett og fått medhald i kravet om å ta arrest i 364.875 kroner.
  • Kvinna har ikkje svart på faktura om tilbakebetaling, purringar eller andre forsøk på kontakt. Heller ikkje NRK har fått kontakt med kvinna.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Ei kvinne i Kristiansund har fått uvanleg godt betalt for den gamle bilen sin, og sit igjen med ti gonger så mykje som ho hadde rekna med.

Eigentleg ville ho ha 40.000 kroner for Audien sin. Men då pengane skulle overførast, bomma kjøparen på tala.

Dermed betalte dei 400.000 – i staden for 40.000 kroner.

Men det var ikkje så enkelt å få tilbake pengane, og no skal kvinna ha gått under jorda. Dermed har feilen blitt veldig dyr for bilforhandlaren som kjøpte bruktbil i Kristiansund.

– I dette tilfellet burde seljar forstått at det var i overkant, skriv Jonathan Parr hos Rebil Mobility.

Selskapet kjøper og sel rundt 5000 bilar i året, og har aldri før opplevd å betale fleire hundre tusen kroner for mykje.

Jonathan Parr hos bilforhandlaren Rebil Mobility.

Foto: Gustav Brandbyge

Kilometerstand: 179.000

I kjøpekontrakten står det at bilen nærmar seg stygt 180 000 kilometer, og bør inn på service snarast råd. Det står også at det er rust på bagasjeluka og ein hjulbue, nokre riper på høgre sida bak, og ein skade framme:

«Foran på panseret er en bitteliten bulk. Kjenner at det rister litt foran på høyre side når hun bremser».

Det står også at den avtalte kjøpesummen er 40.000 kroner.

Bilen blei første gang registrert i 2010.

Ifølgje kontrakten skulle bilen verte seld for 40.000.

Illustrasjon: Eirik Haukenes / NRK

Hamnar i retten

Nyleg gjekk selskapet til Møre og Romsdal tingrett med saka.

Kvinna skal ikkje ha svart på faktura om tilbakebetaling eller på purringar. Det skal heller ikkje ha vore mogleg å nå henne på andre måtar.

Rebil Mobility krev difor å få ta arrest i 364.875 kroner – som dei meiner ho skuldar dei. Dette har dei fått medhald i.

I avgjerda frå retten heiter det:

«Det vises her særlig til at hun til tross for fakturakrav og gjentatte purringer ikke har tilbakebetalt beløpet og det heller ikke har vært mulig for saksøker å oppnå noen form for kontakt med henne.»

I retten blei det lagt fram dokumentasjon på kjøpekontrakten og overføring av 400.000 kroner.

Utskrift frå Vegvesenet viser at kvinna selde bilen sin til Rebil Mobility hausten 2024.

Foto: skjermdump frå Vegvesenet

Gav kjøparen toppskår

Men det finst spor etter bilseljaren.

På ei nettside der ein kan skrive og publisere vurderingar av ulike bedrifter, kvitterer ein konto med kvinna sitt namn med fem stjerner til bilforhandlaren.

Her skriv ho at ho fekk seld bilen sin på éi veke, og at ho anbefaler bedrifta til andre som vil selje bilen sin.

På nettstaden står det at kvinna har stadfesta identiteten sin med bilde.

Måtte ha hjelp av namsmannen

Heller ikkje Møre og Romsdal tingrett har fått tak i kvinna for å fortelje at bilfirmaet har krav på å få tilbake pengane sine. Administrasjonen stadfestar at dei måtte be namsmannen om hjelp til å få forkynt avgjerda for henne tidlegare denne veka.

Kvinna har ikkje svart på tekstmelding eller oppringing frå NRK.

– Vi håper å ta kvarandre i handa og at saka løyser seg så raskt som råd, skriv Jonathan Parr i Rebil Mobility til NRK.

Han skriv vidare at feilen ikkje får konsekvensar for den tilsette som tasta feil, og svarar ikkje på om saka er pinleg for selskapet.

Publisert 16.01.2025, kl. 12.59 Oppdatert 16.01.2025, kl. 14.33

Liknende shotter
  • Helse er fravær av medisin  Susanne Heart på NRK Debatten
  • HVEM HAR BEST BART  The Stretchers
  • BLOOPERS og Bak Kulissene
Nyhetsarkiv
  • Marcialonga
    Marcialonga
    Petter Northug brøt reglene: Ble disket i Marcialonga
    26 Jan 2025
    16
  • Cecilie Myrseth
    Cecilie Myrseth
    – Dette arver Marianne fra Cecilie. Lykke til med det!
    9 Jun 2024
    2
  • Community Shield
    Community Shield
    Arsenal vant Community Shield etter straffedrama – eksperter mener ...
    6 Aug 2023
    2
  • Arendalsuka 2021
    Arendalsuka 2021
    Slik vurderer Vårt Land partilederdebatten under Arendalsuka – Vårt Land
    16 Aug 2021
    1
  • Ethereum
    Ethereum
    En grunnleggende dag i kryptoverdenen: Ethereum går gjennom The Merge
    15 Sep 2022
    2
  • Hilary Mantel
    Hilary Mantel
    Hilary Mantel, britisk forfatter, er død
    23 Sep 2022
    2