Sophie Elise på Lustrabadet

Vin, røyk og nakenbading etter stengetid.
Slik promoterer influensarar Sophie Elise og Nora Haukland sitt opphald på Lustrabadet i Sogn.
Det har skapt sterke reaksjonar i bygda.
– Det er veldig mange som er oppgitt, provosert og skuffa, seier Linda Watten.
Ho delte bileta som Sophie Elise og venninnene la ut på Instagram.
Dei to venninnene er Nora Haukland og Maria Wang Brandt.
I etterkant har Linda Watten, som er frå Luster, fått 80 meldingar frå folk som kjenner på dei same kjenslene.
– Det er til og med nokon som har boikotta Lustrabadet etter dette besøket. Kvifor skal dei få halde på slik som vi vanlege folk ikkje får lov til? spør Watten.
Ordføraren i Luster reagerer også på det som har skjedd i symjehallen.
– Eg veit sanneleg ikkje kva eg skal seie. Dette var ukjent for meg, men eg vil be om ei forklaring frå styret, seier Ivar Kvalen (Sp).
Alkohol, røyk, bading utan badetøy er nokon av brota på retningslinjene på kva som er lovleg på det offentlege badet, som er eigd av Luster kommune.
Saka er også omtala i Sogn Avis.
- Det er skofri sone frå kafeen; ta skoa med inn i garderoben til skohyllene eller garderobeskapet ditt. Vent med å ta dei på til du er i kafeen igjen.
- Ein skal dusje utan badeklede. Badekleda skal vere reine.
- Heile kroppen og hår skal vaskast med såpe før ein går i bassenget
- Det er ikkje tillate å bade med boxershorts, anna undertøy eller andre klede.
- Babyar eller barn på bleiestadiet skal bruke tett badebukse/badebleie. Ver spesielt oppmerksam om barnet har vore på land over lengre tid, ein bør då sjekke bleia før barnet går i bassenget igjen. Har barnet vore dårleg i magen? Vent med bading!
- Me oppfordrar til å bruke badehette!
- Langt hår? Då er det påbode med badehette eller håret i strikk. Legg att hårklemmer og spenner i garderoben!
- Hugs å dusje etter at du har vore i badstovene.
- Kamera og mobiltelefon er ikkje lov i bassengområde eller garderobar, berre etter avtale.
- Symjebriller og dykkemaske er lov, ikkje snorkel og symjeføter.
- Det er forbode å springa i dusj- og bassengområdet. Våte fliser kan vere glatte, og dette kan medføre fare for deg sjølv og andre.
- Mat og drikke skal berre nytast ved bord. Medbringa mat er ikkje lov.
- Bruk av snus og tyggegummi er ikkje tillate i symjehallen.
- Fotvorte? Bruk reine sokkar!
- Plaster fjernast før ein går i bassenget. Opne sår er ikkje akseptabelt av omsyn til smitte og infeksjon.
- Lustrabadet er ikkje ansvarleg for attgløymte/bortkomne gjenstandar. Me tek vare på det me finn i 2 veker.
- Synleg rusa eller støyande personar som sjenera andre blir vist bort.
- Vis omsyn til andre besøkande.
- Følg skilting og rettleiing frå badevaktene.
- Brot på reglane kan medføre bortvising/erstatningskrav frå Lustrabadet
I etterkant av besøket har Lustrabadet lagt seg flat.
– Her må vi berre ta sjølvkritikk og lære av det. Vi kjem til å ta ei intern vurdering av alt som har skjedd, seier dagleg leiar for Lustrabadet Kent Monsen.
Influensarane fekk betalt for å dele bilete frå badet til sine følgarar.
– Ho kjem ut til eit stort nettverk som vi tenkte var kjempebra å nå ut til. Men dessverre vart det ikkje heilt slik som vi håpte på totalt sett. Det er beklageleg, seier Monsen.
Lustrabadet beklagar at dei valte å bruke influensarar til å marknadsføre seg i sosiale medium.
Foto: Skjermbilde: @lustrabadet / InstagramNRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Sophie Elise.
Tømte ut vinflaskeMonsen fortel at dei ikkje oppdaga alkoholen og røyken før skaden var skjedd.
– Ting som var på bilete var tatt før vi fekk gjeve beskjed. Eg kan bekrefte at det var eit glas raudvin der, men eg kan også bekrefte at eg tømte ut ei nesten full rødvinsflaske, seier Monsen.
Lustrabadet seier dei ikkje oppdaga rødvinen før det var for seint.
Foto: Skjermbilde: @sophieelise / Instagram– Då vi sa ifrå beklaga dei høfleg og respekterte det.
Influensar Nora Haukland, som er saman med Marius Høiby, sonen til kronprinsesse Mette-Marit, skriv at dei bada nakne.
– Det vart ikkje gjort sjølv om dei skriv det. Det er eit triks for å få fleire følgarar, seier Monsen.
Watten synest det er bra Lustrabadet tek sjølvkritikk.
– Det er bra fordi dei har drite seg ut. Eg skulle ønskje dei gjorde det tidlegare, seier Watten.
Ho håpar at Lustrabadet heretter fokuserer på dei som ofte tek turen.
– Det er ikkje greitt med forskjellsbehandling generelt, og eg synest Lustrabadet skal sette stor pris på dei lokale og trufaste som alltid kjem igjen og følger reglane.
Norge
Argentina
Australia
Austria
Brazil
Canada
Chile
Czechia
France
Germany
Greece
Italy
Mexico
New Zealand
Nigeria
Poland
Portugal
Sweden
Switzerland
United Kingdom
United States