Hot temaer lukke

Michael Mosley døydde av naturlege årsaker

Michael Mosley døydde av naturlege årsaker
TV-programleiaren og legen Michael Mosley døydde av naturlege årsaker, seier gresk politi til BBC.

Mosley blei funnen omkomen i eit steinete område på den greske øya Symi søndag, fire dagar etter at han blei meldt sakna.

Talskvinne for gresk politi, Konstantina Dimoglidou, seier til BBC at det obduksjonen ikkje har avdekt skadar som kan ha ført til dødsfallet.

Ho seier Mosley døydde same ettermiddag som han blei meldt sakna.

Ordføraren på øya sa søndag at den 67 år gamle briten truleg døydde av heteslag og dehydrering.

Mosley blei obdusert ved dette sjukehuset på Rhodos måndag.

Foto: Petros Giannakouris / AP/NTB

Funnen søndag

Mosley blei meld sakna av kona hans då han ikkje kom tilbake til feriebustaden etter ein tur på Agios Nikolaos-stranda onsdag ettermiddag.

Han blei sist sett i 14-tida like utanfor landsbyen Pedi, og blei blant anna fanga opp på fleire overvakingskamera.

Mosley blei sett på eit overvakingskamera medan han var på veg mot byen Pedi på Symi.

Foto: Reuters

Det blei sett i gang ein storstilt leiteaksjon etter briten, som blant anna er kjent som ein vitskapsformidlar i fleire programseriar på BBC.

Søndag blei Mosley funnen av eit gresk TV-team som skulle filme i området. Han blei funnen like ved ein strandklubb ved Agia Marina-stranda.

Legen og BBC-programleiaren Michael Mosley blir frakta ut frå området der han blei funnen like ved strandklubben i Agia Marina.

Foto: Panormitis Chatzigiannakis / AP/NTB

Takka for støtta

Mosley hadde ei kone og fire barn som han no let etter seg.

Kona Clare Mosley takka søndag for all støtte familien har fått, både medan ektemannen var sakna, og etter han blei funnen.

– Eg og familien min har blitt trøysta av all kjærleiken som har kome frå menneske frå heile verda. Det er tydeleg at Michael har hatt enormt mykje å seie for mange av dykk, sa ho i ei fråsegn.

Ho heidra også ektemannen etter at det var klart at det var han som var funnen død på den greske ferieøya.

– Vi hadde eit utruleg godt liv saman. Vi elska kvarandre høgt og var svart lykkelege saman.

Publisert 10.06.2024, kl. 16.52

Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • Haugesund
    Haugesund
    Haugesund har ikke råd til nedskalering av Flotmyrprosjektet
    27 Nov 2023
    2
  • Humanetisk forbund
    Humanetisk forbund
    Rekordpågang for konfirmasjoner hos Human-Etisk Forbund
    29 Mai 2022
    1
  • Laos
    Laos
    Mora letta over arrestasjon etter at dottera vart drepen i Laos
    23 Dec 2021
    3
  • Tom Brady
    Tom Brady
    Blir buet på scenen i Netflix-spesial se hvordan hun klarer seg
    6 Mai 2024
    1
  • Øystein Stangeland
    Øystein Stangeland
    Det er Øystein Stangeland (51) som er antatt omkommet på Kattfjordeidet
    19 Jan 2021
    1
  • ATB
    ATB
    ATB-forhandlingene fortsetter på overtid
    1 Feb 2024
    7
De mest populære shotter for denne uken