Hot temaer lukke

Anmeldelse: «Stakkar» av Matias Faldbakken – Anmeldelser og anbefalinger

ANMELDELSE: «Stakkar» av Matias Faldbakken

Faldbakken er ein forfattar som ikkje gjer noko halvvegs: I debutromanen «The Cocka Hola Company» er miljøet ekstremt på mange måtar, det er også lagt til eit ekstremt urbant strøk i ein namnlaus by.

Når han no har lagt handlinga til ein gard, er garden ekstremt gammaldags, og dessutan sprita opp med hint av føydale tilstandar i utvalde passasjar.

Vi er – og er ikkje – i ei norsk, namnlaus bygd i ei tid som er mange ulike tider. Så. Kva gjer vi her?

Ein Mowgli i norsk granskog

Kanskje vi er her på grunn av ungen som ein dag kjem luskande ut av skogen, meir på fire enn på to bein, med ei papirmappe under eine armen. Oskar (19) finn barnet og fangar det. Oskar er «gut» på garden. Han har arbeidd der for kost og losji sidan 12-årsalderen, fordi foreldra ikkje kunne ta vare på barnet sitt. Han er taus og hardtarbeidande.

Naturbarnet manglar språk og kultur i aller vidaste forstand: Ho (ja, for det viser seg å vere ei jente), søv, et og tissar som eit dyr.

Det forsømte barnet Oskar tek seg av den forsømte, namnlause jenta. Dei har ei taus pakt som driv dei langt vekk frå garden, til eit liv ingen av dei har særleg evne til å takle.

Dryge spenningskurver og rørande tale

Dette handlar ikkje om korleis staten, kommunen eller familien forsømmer barna sine. «Stakkar» er ei original og godt fortalt historie, med dryge spenningskurver og ei handling det er uråd å gjette seg til.

Men eg les også romanen som ei utforsking av det menneskelege, korleis det kjem til syne og kva som kan øydeleggje det eller utvikle det. Ugangspunktet er Oskar og jenta, to marginale og traumatiserte individ.

Eit ekstremt stort tema, som eg meiner å skimte i små glimt. Særleg der dei to ikkje blir forstått og tatt vare på. Då går det gale, og jenta må vere tolk mellom dei to og storsamfunnet:

«Jeg skriver og sier at vi har erfaring av en annen orden. At rundt ulykken rundt ulykken i den ulykkelige ulykkelige ungen ligger et land. At landområdet heter det mørke kontinentet.

Jeg skriver og sier at kontinentet er bredere enn livet er langt. At ikke jeg og ikke du kan krysse det mørke kontinentet. At vi når ikke frem til ulykken, Oskar.»

Matias Faldbakken har eit stort stilregister, der ironi, satire og overdrivingar ofte skaper distanse til personane. Når jenta her kastar seg utpå med haltande syntaks og poetisk desperasjon, dukkar det opp eit nytt trekk: Dette er direkte rørande.

Open og fengslande

Skildringa av utanforskap har endra seg radikalt sidan rabiate aksjonistar prøvde å sprenge seg ut av lammande toleranse og altetande kommersialisme i starten av forfattarskapet.

«Stakkar» er ein heilt annan stad og utanforskapen er av ein heilt annan karakter. Dette er ein fengslande fabel om oppvekst i naturtilstanden og om kollisjonen med kulturen.

Den gåtefulle historia spelar på mange strengar og er open for tolking. Det er ei av dei fascinerande sidene ved Faldbakkens romanar, dei går aldri heilt opp.

Eg meiner å registrere at ubehaget i kulturen etter kvart er mindre massivt. Og at sivilisasjonen, på sitt beste, kan vere eit gode for dei svakaste.

Dette forfattarskapet tek stadig uventa vendingar. Eg ventar med spenning på kvar vi skal dra neste gong. Endå lenger ut på landet?

NRK anmelder
Foto: Oktober
Ekspandér faktaboks
  • Tittel: «Stakkar»
  • Forfattar: Matias Faldbakken
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Oktober
  • Antall sider: 183
  • Dato: September 2022
Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Våkenetter» av Christine Nitter, «Matrix» av Lauren Groff eller «Invictus» av Sunniva Lye Axelsen.

Liknende shotter
De mest populære shotter for denne uken