Knivstikkinga i Luster: Rektor: Vi står i eit inferno av kaos

Rektor Knut Hauge ved Luster ungdomsskule er sterkt prega etter at fem ungdomar gjekk til åtak på ein mann i 50-åra i eit skogholt i Gaupne fredag.
– Akkurat no står vi i eit inferno av kaos, og det pregar oss veldig. Vi håpar at vi klarer å støtte opp under alle ungdomane våre slik at dei har det bra, men det er veldig utfordrande for alle involverte, seier han.
Alle dei fem ungdomane er elevar ved skulen. Ein 14-åring er no sikta for drapsforsøk, medan fire 15-åringar er sikta for medverknad til grov kroppsskade.
– Politiet må gjere sin jobb, men vi må òg ta vare på dei, seier Hauge.
– Dei angrar så bittert som det går an. Så det er òg ein omsorgsbit i dette.
– Tragisk og forferdeleg
Mannen i 50-åra, som vart knivstukken i halsen og eit handledd, er sikta for å ha avtalt eit møte med ein person under 16 år med hensikt om å ha seksuell omgang.
Eit nettverk som kallar seg «pedojegerar» har publisert ein video av åtaket. Rektoren meiner gruppa har utnytta ungdomane.
– Sjølve hendinga er tragisk og forferdeleg, og den bakanforliggande historia er endå verre, seier han.

– Det er uforståeleg at vaksne folk utnyttar ungdomane på ein slik måte. Ungdomane i denne alderen er lettpåverkelege. Det er ikkje vanskeleg å overtale dei eller få dei med på sånne ting.
Rektoren er òg redd for at fleire kan verte påverka av at videoen vert delt.
– Det er utruleg viktig å formidle at det er straffbart å dele videoen, seier han.
– Nettrolla tek kontroll
Hauge er uroa for utviklinga, og meiner dette ikkje er eit individproblem. Han seier samfunnet har eit ansvar for å betre situasjonen.
– Det er viktig at vi kan snakke i lag. At vi som skule, kommune og samfunn klarer å ha ein god dialog meg ungdomane våre, seier han.

– Så må vi jobbe knallhardt med førebyggande arbeid, kva som er greitt og ikkje greitt. Samtidig må vi avdekke slike forferdelege nettverk.
Ifølgje rektoren var det ingen signal i forkant om at ungdomane kunne gjere noko som dette.
– Dette kunne skjedd kven som helst. Eg er redd for at mange ungdomar i den fasen er veldig lettpåverkelege. Det er lett at nettrolla tek kontroll på dei.
– Overveldande
Hendinga pregar heile ungdomsmiljøet i bygda, fortel rektoren.
– Ungdomane er uroa og har mange spørsmål. Det er uforståeleg og veldig overveldande for mange, seier han.
– Vi prøvar så godt vi kan å få ungdomane til å snakke i lag og vere opne i den grad dei klarer det.
Ungdomsskulen er no inne i den siste veka før sommarferien, men Hauge er tydeleg på at dei vil vareta ungdomane i vekene framover.
– Kommunen stiller med mannskap gjennom sommaren, som er tilgjengeleg for dei som treng det.
– Ueinig
TV 2 har vore i kontakt med forsvararane til dei fem sikta ungdomane. Ingen av dei ønskjer å kommentere påstanden frå Hauge om at ungdomane har blitt utnytta av «pedojegerane».
Kritikken frå rektoren er òg lagt fram for ein talsperson for det internasjonale nettverket. Han er tydeleg på at personar under 18 år ikkje skal vere med.
– Vi vil ikkje at unge menneske skal ta den risikoen vi tek. Dessverre kan vi ikkje styre kva krav den norske gruppa har, seier han.
Talspersonen understrekar òg at dei ikkje pressar nokon til å utøve vald.
– Så eg er ueinig i at dei har vorte utnytta på nokon som helst måte.