Hot temaer lukke

Liverpool i rute til å klare meisterliga-plass: – Det vil vere ein enorm prestasjon

Liverpool klatra opp på fjerdeplass etter sigeren mot Burnley. Det hadde ikkje Klopp rekna med.

Med kveldens 3–0-siger mot Burnley er Liverpool i rute for å kvalifisere seg til meisterligaen neste sesong. Jürgen Klopp sparte ikkje på krutet om Liverpool skulle klare akkurat det.

– Det vil vere ein enorm prestasjon. Ein av dei største nokosinne. Eg veit det høyrest rart ut, men det er sanninga. Viss ein skulle skrive ei bok om ein sesong for å bli deprimert etterpå, så ville det blitt denne sesongen, sa Liverpool-manageren før kveldens møte med Burnley.

Premier League - Burnley v Liverpool
Foto: Alex Livesey / Reuters

Det ser veldig lovande ut for Liverpool no. Med siger mot Crystal Palace i siste serierunde skal dei etter alle solemerke spele meisterliga neste sesong, men Klopp tar ikkje sigeren på forskot.

– Me føler oss ikkje halvvegs ferdige ein gong. Me visste at det her var ein semifinale, og no har me vår finale. Me må vinne den, sa Klopp til TV 2 etter kampen.

Misbrukte sjansar

Liverpool fekk fleire store sjansar før det var spelt ein halvtime, men Burnley klarte lenge å halde unna.

– Er du glad i oppofrande forsvarsspel så er det berre å sjå på Burnley, sa TV 2s fotballekspert Petter Myhre.

Premier League - Burnley v Liverpool

SLÅR TILBAKE: Roberto Firmino har blitt kritisert for å skåre for lite mål denne sesongen, men han slår no litt tilbake, med tre mål på dei tre seinaste kampane.

Foto: Martin Rickett / Reuters

Etter å ha hatt mange sjansar, men ingen skot på mål, så var det nok mange Liverpool-supporterar som frykta at det skulle vere den kvelden. Men like før pause dukka Roberto Firmino opp, og sette inn 1–0.

– Det er ingen tvil om at det er fortent, sa Myhre

– Strålande angrep, heldt han fram.

– Han har blitt kasta til ulvane denne sesongen

Liverpool har hatt store skadeproblem, og spesielt på midtstopparplass. Det har gjort at til tider utskjelte Nathaniel Phillips har fått mykje tillit. Like etter pause heada han inn 2–0. Det var hans første mål i seniorkarrieren.

– Det er jobben min å hindre scoring imot. Det er ein flott bonus å skåre sjølv, men eg vil mykje heller halde nullen, seier Phillips til Sky Sports.

Premier League - Burnley v Liverpool

STOR TILLIT: Nathaniel Phillips har spelt mykje denne sesongen, på grunn av mange skader. I kveld fekk han sin første skåring for klubben.

Foto: Alex Livesey / Reuters

– Statusen til Nat Phillips aukar. Han har blitt kasta til ulvane denne sesongen. Det har vore litt opp og ned, men når ein har fasit i hand så må ein gi stor honnør til Nat Phillips, sa TV 2s kommentator, Simen Stamsø Møller.

Seinare i omgangen hadde Phillips også ein redning på streken.

– Eg er ganske sikker på at han blir banens beste om han held fram på denne måten, sa Stamsø Møller.

Like før slutt la Alex Oxlade-Chamberlain på til 3–0.

– Liverpool tar poenga. Dei tre utruleg viktige poenga, braut Stamsø Møller ut.

Intens sisterunde

Det er frykteleg jamt om meisterliga-plassen. Tredje- og fjerdeplassen står mellom Chelsea, Liverpool og Leicester. Kveldens siger gjer at Liverpool ligg framfor Leicester med målforskjell.

Siste serierunde er på sundag. Dette er kampane til dei tre laga:

  • Liverpool – Crystal Palace
  • Leicester – Tottenham
  • Aston Villa – Chelsea
Liknende shotter