Hot temaer lukke

Liverpool held liv i «kvadrupel-håpet» etter ny straffesiger

Kostas Tsimikas blei Liverpools cuphelt med det avgjerande straffesparket då Chelsea blei slått med 6–5 i straffesparkkonkurranse i FA-cupfinalen på Wembley.

Direktesenter - NTB

Det stod 4–4 då Sadio Mané skulle avgjere straffekonkurransen med Liverpools femte straffe. Så redda landsmannen Mendy i Chelseas bur.

Men det gjorde ingenting for Liverpool. Alison redda Mason Mounts straffe, og Tsimikas heldt nervane i sjakk og sette inn sigersmålet på Liverpools sjuande straffe.

– Sjefen spurde meg om kva for straffe eg ville ta, og eg sa nummer sju. Detskulle avgjere kampen, og det er eit val eg er veldig glad for no, sa Tsimikas til BBC.

Då hadde César Azpilicueta bomma på Chelseas andre, slik at Chelsea kom bakpå heile tida.

– Eg behøvde ikkje å redde meir enn ein straffe, sa Liverpool-keeper Alison til BBC.

Han meinte laget spela ein god kamp.

– Det var ei skam at vi ikkje scora i ordinær tid. Chelsea var gode, men vi fortente å vinne. Dette gir oss sjølvtillit framfor meisterligafinalen, sa keeperen.

Manager Jürgen Klopp var ein lykkeleg mann. FA-cupen er det einaste trofeet han ikkje hadde frå før, ettersom det var Liverpools første sidan 2006.

– Eg er enormt stolt av gutane, det arbeidet dei la ned, kor hardt dei stod på, sa han til BBC.

– Det var ein utruleg intens kamp, la han til, og sa han også syntest litt synd på Chelsea, som tapte sin andre finale mot Liverpool på straffer denne sesongen. Han meinte det var to «mentale monster» som utkjempa finalekampen.

– 120 minutt med slik innsats, og så ikkje ha noko igjen for det. Men vi er ekstremt happy, sa han.

Kostas Tsimikas

AVGJORT: Kostas Tsimikas set inn den siste straffa for Liverpool

Foto: BEN STANSALL / AFP

Dermed kan Liverpool framleis sikre seg fire titlar denne sesongen. Ligacupen er allereie i premieskapet på Anfield, no kjem også FA-cup-pokalen dit. Begge etter 0–0 og straffesiger over Chelsea.

Ligameisterskapet bli avgjort neste helg, og deretter skal Liverpool spele meisterligafinale mot Real Madrid.

Spørsmålet rett etter kampen er kor mykje sigeren kosta. Mohamed Salah måtte ut etter ein halv time med det som såg ut som ein lyskeskade. Og før ekstraomgangane måtte også forsvarskjempa Virgil van Dijk ut.

– Det er ingen fare med van Dijk, det var berre ein liten muskelsmell, sa Klopp.

Og Chelsea? Dei er første laget i FA-cupens 150 år lange historie som taper tre finalar på rad – mot Arsenal i 2019, og mot Leicester i fjor.

Klopp og Salah

SKADE: Liverpools Mohamed Salah måtte gå av bana med skade etter ein halv time

Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
Mange sjansar, svake avslutningar

Det stod 0–0 etter 120 minutts spel på Wembley. Dermed måtte det straffer til, som i ligacupfinalen i februar.

– For ein nøytral tilskodar som meg var dette ingenting anna enn ei tidtrøyte før Eurovisjons-finalen, var ein kommentar på BBCs dekning.

Så innhaldslaus var ikkje kampen, trass alt. Det var mange sjansar til begge lag, men svake avslutningar. To stolpeskot, eitt for kvart lag, var det nærmaste laga kom scoring.

Derfor stod det 0–0 etter 90 minutt, som det gjorde i ligacupfinalen mellom dei same laga i februar. Men det var første gong sidan 2007 at det skjedde i ein FA-cup-finale.

Liverpool spela sin 15. finale i FA-cupen, men den første sidan 2012. Chelsea var i sin 16., og den tredje på rad. Dei to føregåande enda med tap.

Liverpool gjekk ut av startblokkene i hundre, og slapp ikkje Chelsea til i det heile det første kvarteret. Ein skikkeleg kanonade etter rundt ti minutt kunne ha gitt Liverpool leiinga.

Men etter kvart kom Chelsea inn i kampen, og skapte fleire gode sjansar på kontringane sine.

Likevel stod det 0–0 etter ein omgang med mange gode måltilbod til begge lag.

Etter pause var det Chelsea som rasa ut av startblokkene, og hadde to gode sjansar dei første minutta. Den største då Marcos Alonso trefte tverrliggaren frå skrått hald.

Men som Liverpool i første omgang roa Chelsea seg etter dei første 10–15 minutta i andre. Liverpool overtok spelet, men intensiteten i kampen dabba av og det var lenger mellom sjansane.

Seks minutt før slutt kunne Andrew Robertson ha avgjort kampen, men ballen gjekk i stolpen.

Kampen dabba sterkt av mot slutten av ordinær tid, og heller ikkje ekstraomgangane gav all verda med underhaldning.

Liknende shotter