Hot temaer lukke

LIV Golf: Slik er den nye milliardtouren til stjernene

LIV Golf Slik er den nye milliardtouren til stjernene

Den nye golftouren ser for seg å konkurrere mot den USA-baserte PGA-touren og europatouren. Satsinga er kontroversiell sidan LIV-touren er økonomisk støtta av den saudiarabiske staten og lokkar med enorme premiepengar.

Dette er det du treng å vite om nyvinninga i golfsporten:

Bakgrunnen:

Allereie i 2019 vart det avslørt planar om ein ny saudisponsa golftour under namnet Premier Golf League. To år seinare bytte ein namn til LIV, ein referanse til romartalet 54. Det er same talet på hol som ein skal spele totalt under LIV-turneringane.

Den tidlegare storspelaren Greg Norman (67) vart i fjor tilsett som direktør for touren, og han har sidan vore ansiktet utetter for satsinga. I mars presenterte Norman planane for korleis terminlista skal sjå ut. Det dreier seg i debutsesongen om åtte turneringar med ein total premiepott på 255 millionar dollar. Det svarer til 2,4 milliardar kroner etter dagens kurs.

Opplegget:

Kvar av dei åtte turneringane blir spelte over tre rundar på 18 hol kvar, utan kvalifiseringsgrense og med 48 spelarar fordelte på tolv firemannslag. Den første turneringa blir spelt i London denne veka. Deretter skal det spelast fire turneringar i USA før touren flyttar seg vidare til Thailand og Saudi-Arabia.

Sjølve sesongfinalen i slutten av oktober skal spelast på Trump National Doral Miami, ein av USAs tidlegare president Donald Trumps mange golfbanar. I denne turneringa blir premiesjekken til vinnarlaget auka frå 47 til 470 millionar kroner.

Den individuelle vinnaren av kvar turnering får 37,9 millionar kroner, og sisteplassen er garantert 1,14 millionar. Dei tre beste laga får høvesvis 28,4 14,2 og 4,7 millionar kroner på toppen av dei individuelle premiane.

Stjernene:

Fleire golfstjerner har valt å forlate den stjernetunge PGA-touren for å spele i LIV Golf. Den tidlegare verdseinaren Dustin Johnson er den største overraskinga, sidan mange trudde han var tru mot PGA. Med 15.-plassen sin på verdsrankinga er han også den høgast rangerte spelaren i startfeltet, som også inkluderer majorvinnarar som Sergio Garcia (Spania), Martin Kaymer (Tyskland) og Lee Westwood (England).

Sistemann som vart offisielt klar for opningsturneringa, er den amerikanske superstjerna Phil Mickelson (51). Han er eit av dei store namna i golfsporten med seks majortitlar og ytterlegare 39 sigrar på PGA-touren. Mickelson gjer comeback etter ein fire månader lang pause som følgje av koplingar til LIV-touren og oppsiktsvekkjande utsegner om både det saudiarabiske regimet og PGA-touren.

Kritikken:

LIV Golf har fått hard kritikk frå menneskerettsorganisasjonar som Amnesty for å drive med såkalla «sportsvasking». Då LIV-direktør Norman kommenterte drapet på journalisten Jamal Khashoggi ved å seie at «vi gjer alle feil», kokte det hos Amnesty.

«Menneskerettshistoria til det regimet er motbydeleg. Greg Normans kommentarar om at drapet den saudiarabiske regjeringa gjorde på Jamal Khashoggi, og forsøket på å skjule det, var ein feil, er uriktige og alvorleg misforståtte», uttalte organisasjonen.

Mickelson har også delt tankar rundt den nye touren i eit intervju med golfjournalisten Alan Shipnuck:

– Vi veit at dei (Saudi-Arabia) drap Khashoggi, og at historia deira når det gjeld menneskerettar er forferdeleg. Dei avrettar folk der fordi dei er homoseksuelle. Når eg veit alt dette, kvifor skulle eg i det heile vurdere å delta? Fordi det er ei unik moglegheit til å forandre korleis PGA-touren fungerer, sa veteranen.

Rory McIlroy er blant stjernene som har takka nei til å delta i LIV Golf. Han hadde dette å seie om utspelet til Mickelson:

– Det var naiv, egoistisk, ignorant og heilt enkelt berre veldig overraskande og tragisk.

Kva skjer vidare?

PGA-touren har trua med å kaste ut spelarar som deltek i LIV-touren, og det har ført til at stjerner som Johnson, Garcia, Kevin Na og Louis Oosthuizen har sagt opp kontraktane sine med den amerikanske touren. Majorturneringa US Open neste veke har likevel ikkje valt å stengje ute nokon kvalifiserte spelarar.

Det er spørsmålsteikn rundt om LIV-spelarar kan delta i Ryder Cup mellom USA og Europa neste år. Svensken Henrik Stenson, som er kaptein for Europa-laget, seier at han ikkje har fått nokon informasjon om kva som skjer.

Det er heller ikkje klart kva som skjer rundt majorturneringane i framtida. Deltaking på LIV-touren gir ingen poeng på verdsrankinga, og det betyr at det i praksis ser umogleg ut å kvalifisere seg for majorturneringar.

(©NPK)

Dustin Johnson er den største golfstjerna som deltek i opningsturneringa til LIV-touren i London. Foto: Matt York / AP / NTB

Den tidlegare stjernespelaren Greg Norman er direktør for den nye golftouren LIV. Foto: Phelan M. Ebenhack / AP / NTB

Nyhetsarkiv
  • Alexander Kielland-ulykken
    Alexander Kielland-ulykken
    Bengt (67) overlevde Alexander Kielland-ulykken - en tilfeldig oppdagelse reddet livet hans
    2 Jan 2022
    3
  • Liv Grete Skjelbreid
    Liv Grete Skjelbreid
    Gråtkvalt avskjed på direkten: - Vet ikke hvor årene er blitt av
    6 Mar 2022
    3
  • Jen Psaki
    Jen Psaki
    Pressesjef Jen Psaki slutter
    6 Mai 2022
    2
  • Djerf Avenue
    Djerf Avenue
    Den svenske influenseren Matilda Djerf får massiv kritikk
    11 Okt 2023
    1
  • IBS
    IBS
    Frisk avføring kan kurere folkesykdom
    14 Aug 2024
    2
De mest populære shotter for denne uken