Kajsa Vickhoff Lie på femteplass i super-G då Lara Gut-Behrami vann
Etter tre dagar med venting på grunn av vêret kunne utøvarane endeleg ta fatt på alpin-VM i Cortina d'Ampezzo.
Lara Gut-Behrami har vore den store formkøyraren i fartsdisiplinane og var den klare favoritten. Det var likevel det første gullet til den sveitsiske veteranen i VM-samanheng. Ho har tre sølv og to bronse frå tidlegare.
Gut-Behrami var raskast frå toppen og midtveges, men hadde inga pangavslutning og noterte 1.25,51. Ho var 34/100 føre lagvenninna Corrine Suter.
NærRegjerande meister Mikaela Shiffrin frå USA hadde ein stor feil midtveges og fekk øydelagt løpet sitt. Ho klarte likevel bronsen og var 0,47 sekund bak.
Kajsa Vickhoff Lie tok den første pallplassen sin i utfor i Garmisch-Partenkirchen førre helg. Ho var frisk frå starten, men tapte litt midtveges. I den nedste delen var berre Suter raskare enn Bærum-alpinisten som enda 0,65 sekund bak vinnaren i mål. Ho var 18/100 sekund unna pallen.
– Det var litt kjipt å misse ein medalje. I VM er det medaljar som gjeld. Hadde det vore verdscuppoeng om å gjere hadde eg vore litt meir fornøgd. Eg prøvde å gi alt og tapte nok litt i mellompartiet, sa Vickhoff Lie til NRK.
PositivRagnhild Mowinckel leverte ein god super-G. Ho tapte litt heile vegen til Gut-Behrami og enda 1,23 sekund bak vinnaren i mål.
– Eg hadde ei positiv kjensle og tolte å angripe. Eg var ikkje lenger redd for å køyre fort, og eg har sakna litt å vere litt tryggare i køyringa mi, sa Mowinckel til NRK.
Mowinckel låg på 12.-plass med 21 løparar i mål.
(©NPK)
Kajsa Vickhoff Lie køyrde ned til femteplass i super-G under VM torsdag. Foto: Marco Trovati / AP / NTB