Hot temaer lukke

Kjersti Alveberg er død – NRK Norge – Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet

Den internasjonalt anerkjende koreografen og dansaren Kjersti Alveberg er død, 73 år gamal.

Alveberg var ein av landets fremste koreografar i siste del av 1900-talet. Ho markerte seg med særprega oppsettingar og produksjonar, ofte i tett samarbeid med mellom anna NRK.

Den Norske Opera & Ballett stadfestar Alveberg sin bortgang.

– Det er utruleg trist å få beskjed om Kjersti Alveberg sin bortgang. Ingen andre dansekunstnarar har sett sitt preg på norsk dans dei siste tiåra som ho.

Det seier Ingrid Lorentzen. Ho er ballettsjef i Den Norske Opera & Ballett.

Ho peikar på at Alveberg gav sin signatur til ballettar skapt for scena, og ho demokratiserte dansen med koreografi skapt for TV-skjermen. Det førte dansen ut til eit stort publikum i og utan for Noreg sine grenser.

– Samstundes har Kjersti Alveberg løfta fram norske dansekunstnarar gjennom fleire generasjonar. Eg er ein av dei, og kan takke ho for nokon av dei viktigaste moglegheitene eg fekk som dansar, seier Lorentzen.

Ballettdanser og koreograf Kjersti Alveberg er død.

– Energisk menneske

Alveberg blei utdanna på Ballettinstituttet i Oslo, og studerte vidare i New York, Paris, London og Amsterdam.

– Først og fremst var ho eit utruleg energisk menneske, full av engasjement og liv. Ho hadde utruleg mange kreative idear for korleis gjere dans tilgjengeleg og nyskapande.

Det seier mangeårig NRK-journalist og ekspert på klassisk musikk, Arild Erikstad.

Han rosar hennar evne til å få dansen ut til stadig nye publikumsgrupper.

Som dansar var ho på dei fleste teatera i Oslo og blei mykje brukt i NRK. Ønsket om å koreografere sjølv fekk ho første gong oppfylt i starten av 70-talet.

– Ho hadde talrike oppdrag for NRK, og fekk også den høgthengande prisen Prix Italia, fortel Erikstad.

02.23.1992. OL i Albertville. Fra det norske innslaget under avslutningsseremonien, en presentasjon av Lillehammer-OL.
Sissel Kyrkjebø på isbjørn.
Foto: Jon Eeg / NTB

ALBERTVILLE: Dansarar og Sissel Kyrkjebø ridande på ein isbjørn under avslutninga av OL i 1992. Koreografien stod Kjersti Alveberg for.

Foto: Jon Eeg / NTB
Dansemiljøet i sorg

Blant hovudverka til Alveberg er blant anna Rav, som ho laga for Carte Blanche til Festspela i Bergen i 1988, og Volven for Nasjonalballetten i 1989.

Ho var eit naturleg val til å setje opp mektige framsyningar, til dømes Noreg sitt innslag under opninga av OL i Albertville i 1992.

Då med medmed Kyrkjebø på Carl Nesjar sin isbjørn til Jan Garbarek sin musikk.

Den siste oppsettinga til Kjersti Alveberg var På drøymt hav i 2014.

– I dag sender vi tankane våre til dei næraste. Heile dansemiljøet er i sorg etter Alveberg sin bortgang, seier ballettsjef Ingrid Lorentzen.

Kjersti Alveberg

LEGENDE: Kjersti Alveberg har vore viktig for fleire generasjonar unge dansarar.

Foto: Den Norske Opera & Ballett

Prisbelønt fjernsynsballett av Kjersti Alveberg basert på en scene fra "Peer Gynt" av Henrik Ibsen. Musikk: Antonio Bibalo. Denne forestillingen vant Prix Italia i 1986 og Amandaprisen i 1987. Regi: Jannike M. Falk. Dansere: Claud Paul Henry, Marianne Albers, Karen Foss, Indra Lorentzen og Marianne Skovli. Engelsk tittel: Ashes, Mist and Wind-blown Dust. Første gang sendt i 1986.

Liknende shotter
De mest populære shotter for denne uken