Justin Timberlake til Trondheim i 2025

– Etter å ha sett han to gongar har eg kvar gong tenkt at «dette skulle ha vore i Trondheim, men det går ikkje».
Det seier leiar i Trondheim Stage, Stein Vanebo.
– Dette blir ei stor oppleving for både store og små «JT»-fans frå heile Europa, legg han til.
For endeleg går draumen til konsertarrangøren i oppfylling.
Den 12. juni speler Justin Timberlake konsert i Trondheim.
Einaste konserten i Noreg
Konserten blir den einaste artisten speler i Noreg til neste år.
– Eg hugsar ikkje sist gong han spelte i Noreg, seier Vanebo.
Det heile går av stabelen 12. juni 2025 på E.C Dahls Arena, melder Trondheim Stage i ei pressemelding.
– Me gjer klart for innrykk av Timberlake-fans frå heile Noreg, legg han til.
Billettar til konserten kjem i sal frå onsdag 11. September. Artisten er kjent for låtar som «Mirrors», «SexyBack» og «Can't Stop The Feeling!».
Forventar besøk frå heile Europa
Vanebo forventar at besøket av den amerikanske artisten vil trekke publikum frå heile Europa til Trondheim.
– Då han var spelte konsert i København sist veke talde eg flagg frå minst tolv forskjellige nasjonar.
I tillegg trur arrangøren at artisten tiltrekker seg supportarar i alle aldrar.
– Alt frå små prinsessejenter saman med foreldra sine til dei som er glade i popmusikk.
Timberlake var ein del av boybandet NSYNC frå 1992 til 2002 og har sidan vore solo-artist.
Publisert 06.09.2024, kl. 10.11 Oppdatert 06.09.2024, kl. 11.22
Norge
Argentina
Australia
Austria
Brazil
Canada
Chile
Czechia
France
Germany
Greece
Italy
Mexico
New Zealand
Nigeria
Poland
Portugal
Sweden
Switzerland
United Kingdom
United States