Hot temaer lukke

Tim Hutchings reagerer etter Jakob Ingebrigtsen-bragd: Rekordane ...

Tim Hutchings reagerer etter Jakob Ingebrigtsenbragd Rekordane
Friidrettsekspert Tim Hutchings peikar på skoa som ein avgjerande faktor for Jakob Ingebrigtsens verdsrekord på 2000 meter – og meiner verdien av rekordane falmar.

– Fantastisk løp av Jakob, men har det no vorte så politisk ukorrekt å peike på den enorme gorillaen i hjørnet av rommet, det faktumet at skoa sannsynlegvis gir Jakob 4–5 sekund? Eg kjem til å få kritikk for å påpeike det, så betre å feie det under teppet, skriv Tim Hutchings på X/Twitter.

Hutchings er tidlegare EM-bronsevinnar på 5000 meter og internasjonal kommentator i Diamond League. Briten meiner dagens tider ikkje bør samanliknast med tidlegare heltars rekordar. Han meiner dei berre bør sjåast i lys av prestasjonane til dei noverande rivalane.

– Eg kritiserer ingen enkeltpersonar, men at verdien av rekordane, som pleidde å vere SÅ spesielle har vorte vatna ut [...], skriv Hutchings.

Denne sesongen har det vore eit rekordras på mellom- og langdistanse: Faith Kipyegon har sett verdsrekordar på 1500 meter, éi engelsk mil og 5000 meter. På herresida har Lamecha Girma sett verdsrekord på 3000 meter hinder.

FERSKE PIGGAR: Jakob Ingebrigtsen sprang på andre sko i Brussel enn han gjorde under VM i Budapest.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Jakob Ingebrigtsen har gjort det same på dei utradisjonelle distansane to engelske mil og 2000 meter.

Utviklinga følgjer etter eit rekordras på langdistanse dei siste åra. Karbonsko har bidrege til eventyrlege tider i maraton i gateløp, medan fleire seigliva rekordar er brotne på banen. World Athletics såg seg nøydde til å bremse utviklinga og innførte restriksjonar i 2020.

Innverknaden til skoa blir framleis diskutert.

Verdsrekordar på mellom- og langdistanse

Ekspander/minimer faktaboks

Året verdsrekorden vart sett i parantes.

800 meter:

  • Kvinner: Jarmila Kratochvilova, 1.53,28 (1983)
  • Menn: David Rudisha, 1.40,91 (2012)

1500 meter:

  • Kvinner: Faith Kipyegon, 3.49,11 (2023)
  • Menn: Hicham El Guerrouj, 3.26,00 (1998)

Éi engelsk mil:

  • Kvinner: Faith Kipyegon, 4.07,64 (2023)
  • Menn: Hicham El Guerrouj, 3.43,13 (1999)

5000 meter

  • Kvinner: Faith Kipyegon, 14.05,20 (2023)
  • Menn: Joshua Cheptegei, 12.35,36 (2020)

10.000 meter

  • Kvinner: Letesenbet Gidey, 29.01,03 (2021)
  • Menn: Joshua Cheptegei, 26.11,00 (2020)
Usamd med Hutchings

Men ikkje alle meiner det er skoa som er den avgjerande faktoren.

– Kva med treningsutviklinga? Rikdommen av kunnskap og erfaring. Tilgangen til andres og tidlegare kjempers metodar. Jakobs personlege innstilling og innsats for å bli best mogleg. Det er naivt å seie at sko ikkje har påverka tidene, men det er naivt å påpeike det, svarer Clayton Murphy, OL-bronsevinnar på 800 meter.

OL-MEDALJØR: Clayton Murphy.

Foto: Mike Stobe / AFP

Amerikanaren meiner det er andre faktorar også: Lysharar, raskare banar og fleire harar. Då Ingebrigtsen sette europarekord med 3.27,14 minutt på 1500 meter i Chorzów, fekk han hjelp frå tre fartshaldarar i 1200 meter.

Ny gorilla i rommet

NRK-ekspert Vebjørn Rodal meiner det likevel høyrast mykje ut med 4–5 sekund om det er 2000-meteren Hutchings sikte til.

– Tim Hutchings har nok rett i at dei nye skoa sikkert utgjer ein fordel. Det er ikkje utøvarane i dag si oppgåve å vurdere nye sko opp gamle sko. Eg trur nok at Jakob har vore flink til å perfeksjonere eit opplegg til fingerspissane, seier Rodal.

Han meiner ein av dei største fordelane med dei nye skoa er at utøvarane kan trene meir utan å belaste føtene like mykje. Dermed går kvaliteten på treninga opp. Han meiner også det er andre ting som må takast i betraktning når det skal snakkast om rekordar sat tilbake i tid.

– Eg trur vi er veldig naive om vi ikkje antek at vi har verdsrekordar i friidrett som er sett av dopa utøvarar. Eg set endå ein gorilla i rommet, så då er det faktisk to gorillaer der, seier Rodal.

Jakob Ingebrigtsens rekordar

Ekspander/minimer faktaboks

Verdsrekordar:

  • 2000 meter: 4.43,13 minutt, Brussel 2023
  • To engelske mil: 7.54,10, Paris 2023

Europarekordar:

  • 1500 meter: 3.27,14, Chorzów 2023
  • 3000 meter: 7.23,80, Paris 2023*

* Rekorden er passeringstida på 3000 meter då Ingebrigtsen sprang inn til verdsrekord på to engelske mil (3218,7 meter).

Friidrettsskribenten Cathal Dennehy påpeikar at mange av rekordane Ingebrigtsen jaktar skjedde i ei tid det ikkje fanst EPO-testar. Iren presiserer at det ikkje er eit forsøk på å rette mistanke mot enkeltutøvarar, men at det må takast i betraktning.

  • Jakob Ingebrigtsen avsluttar sesongen med å springe éi engelsk mil under Diamond League-finalen i Eugene, laurdag 16. september.
Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • Nordli Korslund
    Nordli Korslund
    Navn frigitt: Sykepleieren Victoria (24) ble drept
    31 Jan 2024
    2
  • Alpe d'Huez
    Alpe d'Huez
    Britisk multitalent seiret i ikoniske Alpe d'Huez
    14 Jul 2022
    3
  • JetBlue
    JetBlue
    Ny Norwegian-avtale gjør det lettere å fly i USA
    18 Okt 2019
    1
  • Bocuse d'Or 2023
    Bocuse d'Or 2023
    Norske Filip August Bendi vant sølvmedalje i kokkekonkurransen ...
    23 Jan 2023
    1
  • Aftenbladet
    Aftenbladet
    Dei bur i ei gammal løe midt i byen
    30 Jan 2022
    2