Hot temaer lukke

Iran ber Interpol om å arrestere Trump for generaldrap

Iran har bede Interpol om å arrestere president Donald Trump og 35 andre amerikanske tenestemenn for drapet på den iranske generalen Qasem Soleimani.

– Desse menneska er sikta for drap og terrorhandlingar, seier Teheran-aktor Ali Qasi Mehr ifølgje det statlege iranske nyheitsbyrået IRNA.

– Øvst på lista er USAs president Donald Trump, og tiltalen mot han vil halde fram sjølv etter perioden hans som president.

Qasi Mehr har bede det internasjonale politibyrået Interpol om eit raudt varsel. Det er ei oppmoding om å mellombels arrestere ein person i vente på utlevering, overgiving eller liknande rettslege skritt.

Qasem Soleimani, som var sett på som ein helt i heimlandet, vart likvidert i eit amerikansk droneangrep i Bagdad 3. januar.

(©NPK)

Liknende shotter
De mest populære shotter for denne uken