VG: Gardermoen stengd grunna uvêr
18 Jan 2024
Firda

Avinor stenger luftrommet over Gardermoen dei neste to timane, melder VG.
Avinor stenger luftrommet over Gardermoen dei neste to timane, melder VG.
Pressevakt i Avinor, Monica Fasting, seier til avisa at flya ikkje ser bakkelysa grunna all nedbøren, og at dei då ikkje har lov til å sende fly av garde.
Frå Førde lufthamn skulle det ha gått eit fly til Oslo klokka 13:20. Førebels er det ikkje registrert forseinkingar på denne avgangen på Avinor sine sider, men ein må rekne med at denne avgangen blir utsett som følger av stenginga på Gardermoen.