Hot temaer lukke

Fullt overgangskaos i Formel 1 – ekspert har aldri sett liknande

Det herskar full uvisse for både Formel 1-lag og førarar inn mot neste sesong. Det får ekspert til å sperre opp auga.

Tidlegare denne veka vart det klart at Daniel Ricciardo er ferdig i McLaren etter sesongen. Australiaren hadde i utgangspunktet kontrakt med laget også neste sesong, men må no på lagjakt etter at kontrakten vart terminert.

Det vart også full forvirring tidlegare denne månaden då Alpine melde at Oscar Piastri skulle køyre for laget neste sesong.

Piastri nekta for at han hadde skrive kontrakt med Alpine for 2023, som har fått fleire til å tru at han ventar på å overta Ricciardos sete i McLaren.

– McLaren og Alpine har ikkje vorte samde om Piastri enno, så vi veit ikkje om setet i Alpine blir ledig for Ricciardo. Men Ricciardo sjølv seier at å halde fram i Formel 1 er det einaste som er aktuelt for han, seier Formel 1-ekspert Henning Isdal til NRK.

Italy F1 GP Auto Racing

MERRITERT: Ricciardo vann sitt siste Formel 1-løp i fjor haust under Italias Grand Prix og enda med det ein ni år lang McLaren-sigerstørke.

Foto: {byline} / AP
Ikkje sett liknande

Setet i Alpine vart først ledig etter at det vart klart at Fernando Alonso forlèt laget til fordel for Aston Martin. Der er eit sete ledig fordi Sebastian Vettel har bestemt seg for å leggje opp som Formel 1-førar etter sesongen.

Til liks med Alpine har også Alfa Romeo, AlphaTauri, Williams og Haas ledige sete neste sesong.

Isdal seier han aldri har sett noko liknande.

Henning Isdal

EKSPERT: Henning Isdal er spent på korleis kabalen skal gå opp før den kommande Formel 1-sesongen.

Foto: Rune Bendiksen / Viaplay

– Då Vettel annonserte at han skulle gje seg, sa vi at dette nesten var som å opne pandoras eske. Og det var nettopp det som skjedde. Det setet som vart ledig i Aston Martin har ført til så mykje spekulasjonar og ting som har skjedd på veldig kort tid. Vi har knapt sett maken. Og vi er ikkje ferdig med det enno, seier Formel 1-eksperten.

– Skjedd enormt mykje

Isdal trekkjer i tillegg fram Alex Albon som signerte ein lengre kontrakt med Williams i fjor.

– Williams har vore raskt ute og sagt at dei har kontrakt med Albon – og at han ikkje er ledig på marknaden ... Det har skjedd så enormt mykje. Og framleis har vi ikkje sett avslutninga av det, seier en oppspilt Isdal og fortset:

FILE PHOTO: Spanish Grand Prix

USIKKER FRAMTID: Piastri har vore ein del av Alpines juniorprogram sidan 2020 og er i årets Formel 1-sesong reserve for både Alpine og McLaren.

Foto: NACHO DOCE / Reuters

– Kvar hamnar Ricciardo? Kva gjer han neste år? Det er det som er spesielt. Kanskje får vi nokre svar denne helga, men det er ikkje sikkert det heller, spekulerer han.

– Det er jo nesten som overgangskøyret i Premier League?

– Ja, det er det. Og alt skal skje på kortast mogleg tid. Det er som dei seier – Formel 1 er som «shark in infested waters». Det er ein stor stim med haiar som berre ventar på at noko skal skje – at dei kan angripe. Alle er på med ein gong på grunn av at det vart eit ledig sete i Aston Martin, meiner Isdal.

Søndag ventar Belgias Grand Prix for Formel 1-sirkuset. Heile seks førarar har fått gridstraff framfor løpet. Det inkluderer VM-leiar Max Verstappen og VM-toar Charles Leclerc. Alle har fått straff som følgje av dei gjer større og mindre endringar på bilen. Det betyr at dei må starte bakarst i feltet under hovudløpet i Belgia søndag.

Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • Hjertestarter
    Hjertestarter
    Solbakken reagerer på nedslående hjertestarter-tall – NRK Sport – Sportsnyheter, resultater og sendeplan
    3 Nov 2021
    1
  • Oslo Street Food
    Oslo Street Food
    Wilhelm fra Avaldsnes satser stort på street food i hovedstaden
    1 Feb 2019
    1
  • Free Guy
    Free Guy
    Filmanmeldelse: «Free Guy» er en fornøyelig gamerfilm
    13 Aug 2021
    1
  • Dmitrij Medvedev
    Dmitrij Medvedev
    Dimitrij Medvedev hevder Ukraina vil brenne om Krimhalvøya ...
    7 Feb 2023
    3
  • Nancy dow
    Nancy dow
    Jennifer Aniston «takker» foreldrene for en utrygg barndom
    13 Feb 2020
    1
  • Jack Grealish
    Jack Grealish
    «Skandaløst? Nei, det vakreste jeg har sett»
    13 Jun 2023
    2