Erna møter pressa om aksjehandelen til Sindre Finnes

– De har no fått tilgang til oversikt over Sindres aksjehandel dei åra eg var statsmininister. Alle kan sjå at det var omfattande. Sindre har handla langt meir enn han har sagt til meg og statsministerkontoret.
Det seier Erna Solberg på pressekonferansen fredag. Ho held fram:
– Eg har vore inhabil i saker eg har behandla då eg var statsminister.
Finnes har opplyst til Solberg at han tente 1,8 millionar kroner i netto gevinst på aksjehandlane då ho var statsminister.
Solberg seier Finnes informerte Statsministerens kontor om kva handlar han gjorde.
– No er det klart at han likevel har drive omfattande kortsiktig aksjehandel. Det har han gjort sjølv om han visste at han ikkje skulle gjere det. Han visste også kvifor han ikkje skulle gjere det.
– Tillitsbrot er alltid vanskelegSolberg seier at Finnes ikkje har vore ærleg med henne.
– Tillitsbrot er alltid vanskeleg, og ekstra vanskeleg i ein familie og eit ekteskap. Det gjer vondt for meg å vere så hard mot Sindre som eg er i dag, seier Solberg gråtkvelt.
SMK råda Finnes til å ikkje drive med kortsiktig aksjehandel. Det gjorde han likevel.
– Sindre informerte kontoret om kva handlar han gjorde. No er det klart at han likevel har drive omfattande kortsiktig aksjehandel. Det har han gjort sjølv om han visste at han ikkje skulle gjere det, og han visste kvifor han ikkje skulle gjere det.
Erna Solberg seier at Sindre Finnes ikkje har vore ærleg med henne
Foto: Rodrigo Freitas / NTBPeter Frølich (H), leiar for kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier saka er alvorleg.
– Saka har fleire likskapstrekk med saka til Anniken Huitfeldt, så det er naturleg at ho er ein del av den pågåande saka. Vi undersøker brot på habilitetsreglane. Det har etter all sannsyn skjedd her, sjølv om Solberg har vore uvitande om forholda.
Peter Frølich (H), leiar for kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier saka er alvorleg.
Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRKFrølich seier det blir viktig å avklare korleis regelverket kan bli justert for å hindre at dette skjer i framtida.
– Sjølv om Erna ser ut til å ha gjort mykje for å forsikre seg om at ektefelle har følgt regelverket, ser det ut som han aktivt har valt å bryte det og halde det skjult. Kva kontrollmekanismar ein skal ha i sånne tilfelle, er litt vanskeleg å seie, for å vere heilt ærleg, seier Frølich.
Seher Aydar, stortingsrepresentant for Raudt, seier tidspunktet til Solberg er lite tillitvekkande.
Foto: Mathias Moene Rød / NRKSeher Aydar (R), medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier det er alvorleg at Solberg baut plikta om å ha oversikt over ektefellen sine aksjeinvesteringar.
– Det er også lite tillitvekkande at ho først kjem med dette etter valet, etter å ha gitt ein heilt anna versjon før valet. Det ansvaret kan ho ikkje skyve på ektefellen sin.
– Mykje må bli rydda opp iIngrid Liland, nestleiar i MDG, seier at dette er eit teikn på ein ukultur i fleire parti.
– Det ser ut som at ein del politikarar lever i ei boble som ikkje tek sin egen maktposisjon og privilegium på alvor.
Professor i rettsvitskap og advokat, Mads Andenæs, meiner Statsministerens kontor har eit stort ansvar i saka og seier også at det er ein ukultur der.
– Det er ein ukultur på SMK å ikkje lage reglar for advokatar, revisorar og styremedlem i børsnoterte selskap, slik vi elles har i samfunnet. Blant dei er det heilt andre reglar.
Erna Solberg og Sindre Finnes saman med Joe Biden i 2016.
Foto: Heiko Junge / NTBAndenæs meiner det trengst klarare og strengare reglar. Det er Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika eining i.
– Vi må få strengare reglar. Det er mykje som må bli rydda opp i.
Andreassen meiner det er ein systemfeil som gjer at Finnes og andre handlar aksjar.
– Eg ber om ein systemdebatt, og ikkje ein persondebatt.
Her er sakaDå Erna Solberg blei statsminister orienterte Finnes Statsministerens kontor (SMK) om kva aksjar han eigde. Dei råda han til å trappe ned handlane, fordi det ville få konsekvensar for Solberg.
Avsløringane frå E24 som kom i haust, viste at blant dei tjue selskapa Finnes investerte i var laksegiganten Mowi og våpen- og industriselskapet Kongsberg Gruppen.
Finnes har tidlegare sagt at han trappa aksjehandelen ned då Solberg blei statsminister etter råd frå SMK.
Erna Solberg orienterer fredag om aksjehandelen til ektemannen Sindre Finnes tida då Solberg var statsminister.
Foto: Leif Rune LølandFørre veke bad Høgreleiaren om at Finnes laga ei oversikt over aksjehandelen sin då Solberg var statsminister.
– Eg har aldri delt innsideinformasjon med Sindre. Han har heller ikkje agert på noko innsideinformasjon rundt dette.
Det sa Erna Solberg til då NRK tidlegare denne månaden.
Aksjehandelen til Finnes vil bli ein del av høyringa om habilitet i kontroll- og konstitusjonskomiteen i November.
Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Rekordmange bytta politisk side. Hvorfor?».