Dette er årets Emmy-vinnarar – NRK Kultur og underholdning

Natt til tysdag gjekk Emmy-prisutdelinga av stabelen frå Microsoft Theater i Los Angeles. Utdelinga kallast også Primetime Emmy Awards.
Den amerikanske prisutdelinga reknast som TV-seriane sin versjon av Oscar-prisen.
Dramaserien «Succession», komiseriane «Ted Lasso», og «The White Lotus» blei årets store vinnarar.
Historisk for «Squid Game»Sørkoreanske «Squid Game» vann til saman fem prisar, men var nominert i 14 kategoriar.
Publikumssuksessen er Netflix sin mest strøyma serie nokosinne, og var den første ikkje-engelskspråklege serien som har blitt nominert i kategorien beste dramaserie.
Dei stakk ikkje heim med beste dramaserie, men vann prisen for årets beste mannlege hovudrolle.
Lee Jung-jae vann beste mannlege hovudrolle som Seong Gi-ho i Netflix-serien «Squid Game».
Foto: NetflixDet er over 25.000 medlemmar av det amerikanske TV-akademiet som er med å stemme fram kven som skal vinne prisane.
Noregsaktuell serie med prisrasDet amerikanske familiedramaet «Succession» frå HBO vann til saman åtte prisar, to av dei under nattas utdeling.
Serien var nominert i heile 25 kategoriar, og blei dermed serien med flest nominasjonar.

Gjengen bak serien «Succession» tok imot Emmyprisen for årets beste dramaserie til stor glede.

Skodespelarane til HBO-serien The White Lotus feirar prisras.

Serien Ted Lasso var ein av dei som drog med flest prisar heim etter årets Emmy-prisutdeling.

Artisten Lizzo vann pris for beste konkurranseprogram med serien «Lizzo’s Watch Out for the Big Grrrls».

Amanda Seyfried feirar å ha vunne prisen for årets beste kvinnelege hovudrolle i miniserie eller TV-film for rolla hennar i «The Dropout»

Karakteren «Homer Simpsons» var også tilstades under årets utdeling.
Delar av sesong 4 av serien skal spelast inn i Noreg i haust. Dette bekrefta HBO i ei pressemelding til VG måndag 5. september.
Mange tekniske prisar blei delt ut 3.- og 4. september, medan dei gjævaste prisane blei delt ut natt til tysdag.
Klart best av strøymetenesteneHBO/HBO Max er ein klar vinnar av talet på Emmy-prisar av strøymetenestene.
STJERNESKOT: Zendaya er den yngste vinnaren av prisen beste kvinnelege hovudrolle. Ho har no vunne to av same pris for HBO-serien «Euphoria».
Foto: Jae C. Hong / API nattas utdeling vann HBO-produserte TV-seriar tolv prisar, som held pristalet deira på 36 prisar så langt. Hovudkonkurrent Netflix har totalt 26 Emmy-prisar.
Her kan du sjå alle vinnaraneAlle vinnarar er markert med tjukk skrift.
Beste dramaserie:«Better Call Saul» (AMC)«Euphoria» (HBO)«Ozark» (Netflix)«Severance» (Apple TV+)«Squid Game» (Netflix)«Stranger Things» (Netflix)«Succession» (HBO)«Yellowjackets» (Showtime)
Beste mannlege hovudrolle i dramaserie:Jason Bateman i «Ozark»Brian Cox i «Succession»Lee Jung-jae i «Squid Game»Bob Odenkirk i «Better Call Saul»Adam Scott i «Severance»Jeremy Strong i «Succession»
Beste kvinnelege hovudrolle i dramaserie:Jodie Comer i «Killing Eve»Laura Linney i «Ozark»Melanie Lynskey i «Yellowjackets»Sandra Oh i «Killing Eve»Reese Witherspoon i «The Morning Show»Zendaya i «Euphoria»
Beste mannlege birolle i dramaserie:Nicholas Braun i «Succession»Billy Crudupi «The Morning Show»Kieran Culkin i «Succession»Park Hae-soo i «Squid Game»Matthew Macfadyen i «Succession»John Turturro i «Severance»Christopher Walken i «Severance»Oh Yeong-su i «Squid Game»
Beste kvinnelege birolle i dramaserie:Patricia Arquette i «Severance»Julia Garner i «Ozark»Jung Ho-yeon i «Squid Game»Christina Ricci i «Yellowjackets»Rhea Seehorni «Better Call Saul»J. Smith-Cameron i «Succession»Sarah Snook i «Succession»Sydney Sweeney i «Euphoria»
Beste komiserie:«Abbott Elementary»«Barry»«Curb Your Enthusiasm»«Hacks»«Only Murders in the Building»«Ted Lasso»«The Marvelous Mrs. Maisel»«What We Do in the Shadows»
Beste kvinnelege hovudrolle i komiserie:Rachel Brosnahan, «The Marvelous Mrs. Maisel»Quinta Brunson, «Abbott Elementary»Kaley Cuoco, «The Flight Attendant»Elle Fanning, «The Great»Issa Rae, «Insecure»Jean Smart, «Hacks»
Beste mannlege hovudrolle i komiserie:Donald Glover, «Atlanta»Bill Hader, «Barry»Nicholas Hoult, «The Great»Steve Martin, «Only Murders in the Building»Martin Short, «Only Murders in the Building»Jason Sudeikis, «Ted Lasso»
Beste kvinnelege birolle i komiserie:Alex Borstein, «The Marvelous Mrs. Maisel»Hannah Einbinder, «Hacks»Janelle James, «Abbott Elementary»Kate McKinnon, «Saturday Night Live»Sarah Niles, «Ted Lasso»Sheryl Lee Ralph, «Abbott Elementary»Juno Temple, «Ted Lasso»Hannah Waddingham, «Ted Lasso»
Beste mannlege birolle i komiserie:Anthony Carrigan, «Barry»Brett Goldstein, «Ted Lasso»Toheed Jimoh, «Ted Lasso»Nick Mohammed, «Ted Lasso»Tony Shalhoub, «The Marvelous Mrs. Maisel»Tyler James Williams, «Abbott ElementaryHenry Winkler, «Barry»Bowen Yang, «Saturday Night Live»
Beste antologi- eller miniserie:«Dopesick»«Inventing Anna»«Pam & Tommy»«The Dropout»«The White Lotus»
Beste TV-film:«Chip ’n Dale: Rescue Rangers»«Ray Donovan: The Movie»«Reno 911! The Hunt for QAnon»«The Survivor»«Zoey’s Extraordinary Christmas»
Beste kvinnelege hovudrolle i miniserie eller TV-film:Toni Collette, «The Staircase»Julia Garner, «Inventing Anna»Lily James, «Pam and Tommy»Sarah Paulson, «Impeachment: American Crime Story»Margaret Qualley, «Maid»Amanda Seyfried, «The Dropout»
Beste mannlege hovudrolle i miniserie eller TV-film:Colin Firth, «The Staircase»Andrew Garfield, «Under the Banner of Heaven»Oscar Isaac, «Scenes From a Marriage»Michael Keaton, «Dopesick»Himesh Patel, «Station Eleven»Sebastian Stan, «Pam and Tommy»
Beste mannlege birolle i miniserie eller TV-film:Murray Bartlett, «The White Lotus»Jake Lacy, «The White Lotus»Will Poulter, «Dopesick»Seth Rogen, «Pam & Tommy»Peter Sarsgaard, «Dopesick»Michael Stuhlbarg, «Dopesick»Steve Zahn, «The White Lotus»
Beste kvinnelege birolle i miniserie eller TV-film:Connie Britton, «The White Lotus»Jennifer Coolidge, «The White Lotus»Alexandra Daddario, «The White Lotus»Kaitlyn Dever, «Dopesick»Natasha Rothwell, «The White Lotus»Sydney Sweeney, «The White Lotus»Mare Winningham, «Dopesick»
Beste talkshow:«The Daily Show With Trevor Noah»«Jimmy Kimmel Live!»«Last Week Tonight With John Oliver»«Late Night With Seth Meyers»«The Late Show With Stephen Colbert»
Beste konkurranseprogram:«The Amazing Race»«Lizzo’s Watch Out for the Big Grrrls»«Nailed It!»«RuPaul’s Drag Race»«Top Chef»«The Voice»
Korleis blei Sør-Koreansk kultur så populært? Ein ambisiøs plan frå høgste hald er svaret.
Norge
Argentina
Australia
Austria
Brazil
Canada
Chile
Czechia
France
Germany
Greece
Italy
Mexico
New Zealand
Nigeria
Poland
Portugal
Sweden
Switzerland
United Kingdom
United States