Hot temaer lukke

Prins skaut Europas største bjørn ved ein feil

Etterforsking er i gang etter at ein austerriksk prins felte Europas største bjørn under troféjakt i Transylvania.

Brunbjørnen Arthur (17) som ein trur var Europas største bjørn, vart felt av prins Emanuel von und zu Liechtenstein under ein privat jakttur i Romania i mars.

Prinsen som er busett i Austerrike, skal ha fått løyve til å skadefelle ei binne som hadde skadd beitedyr. I staden skaut han det som viste seg å vere ein gigantisk hannbjørn, skriv BBC.

Naturvernarar kritiserer det som vert kalla ein troféjakt i fjellkjeda Karpatane. Gabriel Paun i miljøorganisasjonen Agent Green seier til BBC at dei ikkje har noko imot prinsen personleg, men dei meiner at det rumenske jegerforbundet har gjort feil då dei la til rette for jakta.

Han meiner det er til stor skade at ein alfahann er skoten, og seier det kan føre til ustabilitet og innavl.

Rekordtrofé

Sidan binner er mykje mindre enn hannbjørnar trur aktivistar at Arthur vart skoten med vilje fordi han har høg troféverdi.

Ifølgje den austerrikske miljøgruppa VGT har Arthur ein troféverdi på 592,8 av 600 mogelege poeng. Det skal vere den høgste verdien som er registrert, seier Ann-Kathrin Freude i VGT.

Arthur, en brunbjørn felt i Romania

Arthur vart skoten ein månad etter at ein lokal bonde hadde klaga på at ei binne plaga beitedyra hans.

Foto: Agent Green
Etterforsking

Troféjakt på bjørn vart forbode i Romania i 2016 etter at brunbjørnen vart verna av eit EU-direktiv. Jakt er berre tillate i tilfelle der bjørn skader husdyr. Ein lokal bonde i landsbyen Ojdula i Transylvania skal ha klaga på at ei binne med tre ungar hadde plaga beitedyra hans.

Miljøvernminister Tanczos Barna har stadfesta at det var gitt skadefellingsløyve, men det er ikkje klart kven som fekk lisensen. Eit lokalt jegerlag i Covasna skal ha fått ein fellingslisens, men det er ikkje dokumentert at prinsen hadde lov til å felle bjørn.

Miljøstyresmaktene i Romania har sett i gang etterforsking.

Ifølgje BBC har prinsen ikkje svart på deira forsøk på å nå han, men prinsens kontor opplyser at han er opptatt av økologi og berekraft. .

Liknende shotter
De mest populære shotter for denne uken