Hot temaer lukke

FN fordømmer overdriven maktbruk mot demonstrantar i Colombia

Ifølgje ombodsmannen for menneskerettar i Colombia har 18 sivile og ein politimann mista livet under demonstrasjonar mot eit forslag til skattereform, medan minst 846 personar, blant dei 306 sivile, er skadde.

– Vi har fått rapportar og vi har vitne som har fortalt om overdriven maktbruk av tryggingsstyrkar, om skyting, bruk av skarp ammunisjon, om demonstrantar som er banka opp og arresterte, seier talskvinna til høgkommissæren, Marta Hurtado.

(©NPK)

FNs høgkommissær for menneskerettar fordømmer maktbruken til tryggingsstyrkane mot demonstrantar i Colombia. Foto: AP / NTB

Liknende shotter
De mest populære shotter for denne uken