Ruud kan bli verdseinar – ekspert trur det blir med bismak

– Vanlegvis krevst det meir å bli verdseinar: at ein har vunne litt større turneringar og vore med lengre framme i Grand Slam-samanheng. Men det er ikkje Ruud eller Alcaraz sin feil, seier Jonas Björkman til NRK.
Den svenske tennislegenda og tidlegare nummer fire i verda har late seg imponere stort av Casper Ruud denne sesongen. Fredag sit Björkman og ei heil tennisverd klistra til skjermen når 22-åringen spelar om ein US Open-finale mot russiske Karen Khatsjanov.
SVENSK PROFIL: Jonas Björkman var nummer fire på rankinga i 1997 og har to gonger vorte rangerte som den beste doublespelaren i verda.
Foto: TOBIAS RÖSTLUND / NTBDet er likevel ikkje «berre» ein finalebillett og potensielt 26 millionar kroner som ligg i potten for nordmannen:
Casper Ruud kan også fyke til topps på rankinga – og bli den beste tennisspelaren i verda.
– Avgjerder som er tekne«Verdseinar-duellen» står no mest sannsynleg mellom Ruud og det spanske supertalentet Carlos Alcaraz. Viss Ruud vinn den prestisjetunge turneringa, går han uansett til topps på verdsrankinga.
Ruud kan òg bli verdseinar viss han vinn kampen sin samtidig som Alcaraz ryk ut i den andre semifinalen.
Jonas Björkman, som hadde si stordomstid på 90- og 2000-talet, trur Ruud og Alcaraz skulle ønske at dei kunne gjort seg fortent til tittelen på ein annan måte.
– For deira del hadde det nok kjendest betre om dei fekk den moglegheita når dei har komme lenger i karrieren og hatt resultat som gjer at ein verkeleg kjenner at ein er der. Samtidig kan ikkje dei gjere noko med det. Det er avgjerder som er tekne rundt omkring. Dei må berre gjere det beste ut av det, seier Björkman.
NY FEIRING?: Det kan bli meir sjampanje for Carlos Alcaraz. Stortalentet kan til liks med Ruud bli verdseinar under US Open.
Foto: JUAN MEDINA / ReutersAvgjerdene svensken siktar til er at det ikkje vart delt ut rankingpoeng under Wimbledon, som følgje av avgjerda om å stengje ute russiske og belarusiske spelarar i London.
Samstundes har tidlegare verdseinar Novak Djokovic gått glipp av fleire viktige turneringar og rankingpoeng fordi han har nekta å ta koronavaksinen.
Francke er usamd50-åringen håpar at både Ruud og Alcaraz tek seg til finalen og gjer opp kampen om verdstittelen i mektige Arthur Ashe Stadium i New York.
– Det hadde vore meir rettferdig. Då hadde begge fortent det, seier han.
Den norske tenniseksperten Christer Francke meiner på si side at Ruud ikkje skal bry seg om korleis han eventuelt ender opp som verdseinar.
– Det er sånn det er i idrett. Nokon er skadd, nokon er sjuke og nokon er ikkje med. Er du nummer éin, så er du nummer éin, seier Francke og held fram:
– Om ti år er det ingen som kjem til å snakke om kven som var med og ikkje.
TO METER: Russiske Karen Khatsjanov er siste hinder for Ruud før US Open-finalen. Khatsjanov er 1.98 meter og er kjent for den enorme rekkjevidda si.
Foto: Andres Kudacki / APBåde Francke og Björkman held ein knapp på Ruud i semifinalen mot Karen Khatsjanov fredag. Dei to har møttest éin gong før – på grus – då var det nordmannen som gjekk sigrande ut.
– Det er klart at Casper har veldig gode moglegheiter til å bli nummer éin. Likevel er det lett at mange tenkjer at han er favoritt mot russaren. Eg håpar då at han ikkje set for mykje press på seg sjølv. Han må berre spele sånn som han har gjort til no i US Open. Men Khatsjanov kjem til å vere livsfarleg ettersom han er ein underdog, påpeikar Björkman.
MEKTIG ARENA: Arthur Ashe Stadium er det største tennisstadionet i verda med plass til over 23.000 tilskodarar.
Foto: Geoff Burke / ReutersRussaren, som er heile 1.98 centimeter på sokkelesten, er kjend for den enorme rekkjevidda si. Han slår knallhardt og tek ofte stor risiko i spelet sitt. Francke trur at nøkkelen til Ruud blir å presse Khatsjanov bakover på bana og slite han ut.
– Får Casper til det, er det ein stor fordel for han. Då kan Casper komme til med forehanda sin. Det er mykje som skal stemme her, men russaren viste i kvartfinalen at han har eit stort spel inne, så han må vere veldig godt førebudd, seier Francke.
Semifinalen mellom Ruud og Khatsjanov blir spelt klokka 21.00 norsk tid. Den andre semifinalen blir spelt laurdag 01.00.