Brann i el-kabel i bustadhus Fjaler
6 dager tilbake
Firda

Brannen som starta i ein elektrisk kabel i eit hus i Fjaler sentrum er no sløkt.
110 Vest fekk melding frå ein privatperson om brannen klokka 10.03.
– Ein forbipasserande ringde og sa at det såg ut som det brann ved ein mur ved eit bustadhus i Dale. Det viste seg at det var brann i ein elektrisk leidning. Brannvesenet kom på staden, og brannen er no sløkt, seier vaktkommandør Jostein Steinsland Hauge ved 110 Vest.
Brannvesenet har vore inne i huset og sjekka at alt er i orden, huseigar er kontakta og BKK har vore på staden for å sjekke leidningsnettet.