Hot temaer lukke

Boris Johnson seier legane førebudde seg på at han skulle døy

Legane som behandla den britiske statsministeren meinte situasjonen var så ille at dei forberedte seg på å kunngjere dødsfallet.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det var ein tøff augneblink, det kan eg ikkje nekte for. Dei hadde ein strategi for å handtere eit «Stalins død-scenario», seier han i eit intervju med tabloidavisa The Sun.

– Eg var ikkje akkurat i god form, og eg var klar over at det var slike planar på plass. Legane hadde tenkt ut alt dei måtte gjere viss det gjekk heilt gale, seier han.

55 år gamle Johnson kunngjorde 27. mars at han var smitta av koronaviruset. Då han ikkje vart betre i løpet av ei veke heime, vart han lagt inn på sjukehus 5. april for fleire testar.

Men ganske raskt vart han flytta til intensivavdelinga der han i tre dagar fekk ekstra oksygen.

– Kunne gått begge vegar

Etter at han vart skriven ut 12. april, innrømde han at det kunne ha gått «begge vegar». Men han tenkte aldri at han kunne døy.

Han seier han fekk «litervis» med oksygen. Han følte seg frustrert over at han ikkje vart betre. Alvoret gjekk opp for han då legane drøfta om dei skulle intubere han og kople han til ein pustemaskin.

– Det var då det byrja å bli litt ... dei byrja å tenkje på korleis dei skulle handtere ein kunngjering, sa han.

Kalla opp sonen etter legane

Johnson, som var tilbake på jobb måndag, og fekk ein son med sambuaren Carrie Symonds onsdag, har fleire gonger hylla dei tilsette på det offentlege NHS-sjukehuset der han var lagt inn.

Han sa at sonen deira, Wilfred Lawrie Nicholas Johnson, er kalla opp etter dei to legane Nick Price og Nick Hart som behandla han.

Begge er spesialistar på smittsame sjukdommar og respiratorar. Symonds har gjort det klart at legane redda livet til kjærasten hennar.

Johnson har òg hylla dei to sjukepleiarane som passa på han. Dei er innvandrarar frå New Zealand og Portugal.

Groggy

Sun on Sunday skriv at Johnson var kjenslemessig rørt då han fortalde om det han hadde gjennomgått. Han sa han først ikkje ville innsjå alvoret. Han prøvde å halde fram med å jobbe sjølv om han følte seg «groggy».

Han ville først ikkje leggjast inn på sjukehus, men legane insisterte på grunn av dei låge oksygennivåa hans.

– Når eg ser tilbake, var det riktig av dei å tvinge meg, seier han.

Liknende shotter