Hot temaer lukke

USAs nye favoritt raudna av NRK-spørsmål: – Verda må passe seg

USAs nye favoritt raudna av NRKspørsmål  Verda må passe seg
Anna Hall (21) har berre sprunge 400 meter hekk ein gong, og plasserte seg rett i verdstoppen. Men ho vil ikkje gjere som Karsten Warholm.

USA har fått ein ny yndling på friidrettsbana: Den unge sjukjemparen Anna Hall har gjennomført sin første dag i VM.

På praktfulle Hayward Field heng ho med i toppen av konkurransen før dei skal hoppe lengde, kaste spyd og springe 800 meter.

World Athletics Championships Oregon22 - Day Three

EKSTATISK: Anna Hall gjekk over 1,86 i høgd til enorm jubel frå heimepublikummet på Hayward Field.

Foto: EZRA SHAW / AFP

Hall sprang sin første 400 meter hekk i april. I starten av juni klokka ho inn på tida 54,48 sekund – noko som er den 16. beste tida i år og betre enn Amalie Iuels personlege rekord på 54,72.

– Verda må passe seg

Dei rekordraske resultata vekkjer oppsikt blant dei største stjernene til friidretten. Gail Devers samla inn OL- og VM-medaljar på 100 meter, 100 meter hekk og 4x100 meter stafett. No er sprintikonet på plass i Eugene som TV-ekspert.

Ho trur at mangekampen bidreg til å gi Hall ein allsidig styrke som på sikt vil gagne ho, også om det blir aktuelt å gå ned frå sju til ei øving.

– Verda må passe seg når ho gjer det. Ho er ei ung kvinne med eit ekstraordinært talent. Forhåpentleg kan ho følgje i Warholms fotspor, som kan gå frå ein ting til ein annan og dominere, seier Devers til NRK.

Hall lyser opp og blir raud i ansiktet når NRK deler sitata frå den amerikanske legenda.

– Det er veldig smigrande, men nivået på 400 meter hekk er sinnssjukt. For å vere ærleg er eg berre audmjuk over at ho sa det, seier sjukjemparen lettare ramma.

Devers påpeiker at meisterskapane kjem som perler på ei snor dei neste åra.

Gail Devers under VM i Eugene i USA

NAIL DEVERS: Den tidlegare sprintaren vekte støtt og stadig oppsikt med sine lange, fargerike negler då ho var aktiv. Ho har halde på imaget.

Foto: Fredrik Tombra

– Det gir ho moglegheita. Ho har sett Karsten og sett kva han har fått til etter å ha fokusert på ein ting.

– Som utøvar ønskjer ein ikkje å angre på noko. Eg trur du må gjere det du har lidenskap for og det som gjer deg glad, seier Devers vidare.

– Kjenner meg klar

Sjølv om ho ikkje er klar for å leggje frå seg mangekampen heilt enno, opnar Hall opp for at det kan bli aktuelt i framtida.

– Det er ei grein som har vore veldig morosam for meg. Eg kjem til å ha det med meg i baklomma og kanskje springe ho på nokre stemne der eg ikkje konkurrerer i mangekamp. Forhåpentleg kan eg springe 400 meter hekk i Diamond League seinare i karrieren, fortel Hall til NRK.

World Athletics Championships Oregon22 - Day Three

FØRST: Dette er eit stadig meir normalt syn: Anna Hall stormar frå konkurrentane.

Foto: Steph Chambers / AFP

På VM-arenaen i Eugene er ho, som eit ungt og lovande heimehåp, ein av dei mest populære utøvarane og fleire kallar ho for «det neste store talentet».

– Det er veldig spennande, men det fører med seg ein del press òg. Eg likar det litt og kjenner meg klar for å ta steget opp på den internasjonale scena. Forhåpentleg får eg konkurrere i nokre større stemne, seier Hall forsiktig.

Neste sesong står VM i Budapest på programmet, før det blir OL i Paris i 2024 og VM i Tokyo i 2025. Medaljemoglegheitene er med andre ord mange i åra framover.

– Eg er glad for at eg er ung og har mange år igjen som utøvar viss eg held meg frisk og Gud vil det, avsluttar «det neste store talentet».

PS! Sander Aae Skotheim (20) deltek i tikampen for herrar som startar laurdag.

Nyhetsarkiv
  • MyMuse
    MyMuse
    Undertøyskjeden MyMuse er slått konkurs
    14 Mai 2024
    2
  • Finn Schjøll
    Finn Schjøll
    Dette skjer med Finn Schjøll i «God morgen Norge»
    1 Nov 2024
    5
  • Em fotball 2021
    Em fotball 2021
    Dette skjer i fotball-EM laurdag 3. juli – NRK Sport – Sportsnyheter, resultater og sendeplan
    2 Jul 2021
    3
  • Friends arena
    Friends arena
    Stordalen punger ut: Friends Arena blir til Strawberry Arena
    13 Jan 2024
    2
  • Seahawk
    Seahawk
    Kjøper nye Seahawk-helikoptre til Forsvaret
    14 Mar 2023
    1
De mest populære shotter for denne uken