Hot temaer lukke

Kajsa Vickhoff Lie på femteplass i super-G då Lara Gut-Behrami vann

Etter tre dagar med venting på grunn av vêret kunne utøvarane endeleg ta fatt på alpin-VM i Cortina d'Ampezzo.

Lara Gut-Behrami har vore den store formkøyraren i fartsdisiplinane og var den klare favoritten. Det var likevel det første gullet til den sveitsiske veteranen i VM-samanheng. Ho har tre sølv og to bronse frå tidlegare.

Gut-Behrami var raskast frå toppen og midtveges, men hadde inga pangavslutning og noterte 1.25,51. Ho var 34/100 føre lagvenninna Corrine Suter.

Nær

Regjerande meister Mikaela Shiffrin frå USA hadde ein stor feil midtveges og fekk øydelagt løpet sitt. Ho klarte likevel bronsen og var 0,47 sekund bak.

Kajsa Vickhoff Lie tok den første pallplassen sin i utfor i Garmisch-Partenkirchen førre helg. Ho var frisk frå starten, men tapte litt midtveges. I den nedste delen var berre Suter raskare enn Bærum-alpinisten som enda 0,65 sekund bak vinnaren i mål. Ho var 18/100 sekund unna pallen.

– Det var litt kjipt å misse ein medalje. I VM er det medaljar som gjeld. Hadde det vore verdscuppoeng om å gjere hadde eg vore litt meir fornøgd. Eg prøvde å gi alt og tapte nok litt i mellompartiet, sa Vickhoff Lie til NRK.

Positiv

Ragnhild Mowinckel leverte ein god super-G. Ho tapte litt heile vegen til Gut-Behrami og enda 1,23 sekund bak vinnaren i mål.

– Eg hadde ei positiv kjensle og tolte å angripe. Eg var ikkje lenger redd for å køyre fort, og eg har sakna litt å vere litt tryggare i køyringa mi, sa Mowinckel til NRK.

Mowinckel låg på 12.-plass med 21 løparar i mål.

(©NPK)

Kajsa Vickhoff Lie køyrde ned til femteplass i super-G under VM torsdag. Foto: Marco Trovati / AP / NTB

Nyhetsarkiv
  • Hummerfiske
    Hummerfiske
    Nyheter, Hummerfiske | I dag går startskuddet for årets sesong - men meteorologen advarer
    30 Sep 2024
    2
  • Peder Elias
    Peder Elias
    Peder Elias vinner Spellemann for Årets Internasjonale Suksess ...
    16 Apr 2023
    1
  • Vendela Kirsebom
    Vendela Kirsebom
    Vendela Kirsebom (57) åpner opp om sin tøffe fortid: 'Traumatisk og ...
    13 Jan 2025
    33
  • Petter Uteligger
    Petter Uteligger
    Petter uteligger kommer: – Inspirerer til et mer inkluderende og ...
    4 Sep 2023
    5
De mest populære shotter for denne uken