Hot temaer lukke

Venus og Jupiter side om side: – Finn fram kikkerten

Venus og Jupiter side om side  Finn fram kikkerten
Over heile landet kan du onsdag kveld sjå Venus og Jupiter stå side om side på nattehimmelen.

Onsdag kveld har mange kikka opp på himmelen og lurt på kva dei to lysande prikkane er for noko.

Fleire har kontakta både NRK og politiet fordi dei undrar seg på kva som føregår.

– Det er dei to planetane Jupiter og Venus, seier Håkon Dahle, astrofysikar ved Universitetet i Oslo.

Venus er det mest lyssterke objektet på himmelen, sett vekk frå månen. Vanlegvis er Jupiter neste på lista.

Det betyr at begge er godt synlege på himmelen, så lenge dei ikkje står for nære sola.

– Dei skin ikkje spesielt kraftig i natt, men folk legg merke til det fordi dei står så nær kvarandre, seier Dahle.

Månane til Jupiter er synlege

Og om du har ein kikkert er det meir du kan sjå.

– Eg vil anbefala å ta ein kikk med ein kikkert eller eit lite teleskop, for då kan du òg sjå dei fire største månane til Jupiter, seier astrofysikaren.

– Det er ganske sjeldan at ein kan sjå det i same synsfelt: Jupiter, Venus og månane til Jupiter.

Sjølv om det ser ut som planetane står tett saman, står dei i verkelegheita langt frå kvarandre. Venus går i bane mellom jorda og sola, medan Jupiter går lengre ute.

Politiet i Trøndelag har fått fleire telefonar om dei to kraftige lysa. Det gjorde at dei kontakta Forsvaret, skriv NTB.

På Twitter skriv dei «Flere meldere i hele distriktet som ringer politiet og melder om to kraftige lys på himmelen som har lyst lenge. Politiet kan opplyse at Jupiter og Venus vil være VELDIG TETT OG SYNLIG på himmelen i dag onsdag. Ingen utrykning...».

Operasjonsleiar Roger Mogstad seier til NTB at dei har motteke telefonar frå heile distriktet.

– Det er mange som har teke kontakt. Me har også snakka med Forsvaret som stadfestar at dei ikkje har hatt nokon aktivitet i distriktet.

Venus og jupiter sett fra Egersund onsdag kveld.

Foto: Helge Haaland / Helge Haaland

Hva er dette, lurer innsender på. Astrofysiker Håkon Dahle forklarer fenomenet.

Foto: Jimmy Nordgård

Jupiter og Venus sett fra Elvanesset i Bøfjorden.

Ny sjanse i morgon

Aller nærast kvarandre vil planetane vera rundt klokka eitt i natt. Men for å sjå det må du vera på austkysten av Nord-Amerika.

Torsdag vil det truleg koma ein ny sjanse til å sjå dei to planetane. Då står dei ikkje fullt så nær kvarandre.

Dahle fortel at det ikkje er spesielt sjeldan at planetane er tette på himmelen. Det skjer rundt ein gong i året. Men at det skjer på kveldstid slik at me kan sjå det, er sjeldnare.

– Det går nokre år mellom kvar gong me ser dei slik som no.

Her står planetane på himmelen over Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svenseid / NRK
Liknende shotter
Nyhetsarkiv
  • AC/DC
    AC/DC
    Billetter til AC/DC-konserten på Bjerkebanen revet bort
    7 Feb 2025
    3
  • Odd Eriksen
    Odd Eriksen
    Odd Eriksen er død: – En mann som har satt spor etter seg
    11 Feb 2023
    2
  • Raynauds fenomen
    Raynauds fenomen
    Josefine Frida Pettersen forteller om plagene: – Fikk så vondt – VG
    16 Nov 2021
    1
source count_news" title="Mengde av nyheter relatert til tema"> 6
De mest populære shotter for denne uken